2019 Pyutan Nepal KDCN

Nye tankar i gamle fjell

Nepal: I «Blomehagen» sjølvhjelpsgruppe snakkar dei mykje om korleis dei kan hjelpe kvarandre og få det betre med å arbeide saman.

Sennepsblomen dansar varleg på rake strå i den svake vinden og fargelegg dei bratte fjellsidene med sine solgule kronblad. Snart skal blomen haustast og bli til sennepsolje og sennepsfrø. Nepal er verdas største produsent av sennepsfrø. Saman med Canada står dei bak om lag 57 prosent av verdsproduksjonen. For Nepal utgjer det ei betydeleg inntekt.

Hardt arbeid
For bøndene i den vesle fjellandsbyen i Pyutan fylke, vest i Nepal, betyr den vakre blomen mykje arbeid og ei kjærkomen inntekt. Åkrane er i stor grad eigd av større jordeigarar, og den fattige befolkninga er arbeidskraft i det tunge arbeidet når planten skal haustast.

– Velstanden er ikkje komen så langt her, seier 36 år gamle Masala Punmagar. Ho er gift og har to tenåringsjenter på 18 og 13 år. Mannen har drive den vesle jordflekken deira, men sjukdom gjer at ho har ansvaret no.

Det er berre få månader sidan Strømme-stiftelsen starta arbeid her gjennom den lokale organisasjonen KDCN (Kalika Dev-elopment Center Nepal). Sjølvhjelpsgrupper, mor- og borngrupper, utdanning og programmet Samvad – «Sjef i eige liv», er noko av det Strømmestiftelsen og KDCN gjer her.

Nye tankar
Denne ettermiddagen er dei 25 medlemmane i sjølvhjelpsgruppa samla i fellesstova i landsbyen. Ein gong i månaden er dei her for å spare og låne pengar og for å samtale om saker og utfordringar som opptek dei.

Barneekteskap, utdanning, medgift, alkohol og vald i heimen er nokre av dei vanskelege emna. Kastesystemet er eit tema det òg blir snakka mykje om i gruppa, som består av både kastelause og medlemmer frå høgare kastar. 

– Det er ikkje rett å diskriminere slik. Om ei jente har gifta seg inn i ein lågare kaste,  må ho bu utanfor heimen til sine eigne foreldre når ho er på besøk. Det skal ikkje være slik, seier kvinnene,  som meiner det er foreldregenerasjonen og dei eldre som tviheld på kastesystemet.

– Eg vart med fordi eg tenkte dette kunne være ei gruppe som ville tenkje nytt og arbeide saman for å oppnå noko, også når det gjeld dette, seier ei av kvinnene.

2019 Pyutan Nepal KDCN
Utsyn frå landsbyen mot dei sennepsgule åkrane.

Kjøkkenhage
I dag skal dei planleggje ein kjøkkenhage. Store ark blir lagt ut på golvet. Kvinnene blir inndelt i grupper. Så skal dei kome fram til korleis dei vil planlegge ein effektiv kjøkkenhage. KDCN har snakka om at grønsakhagar kan bety eit kjærkome tilskot til den daglege dietten, og at det kan bli ei attåtinntekt i den vesle økonomien dei har.

Fellesskap
– Eg er med her fordi eg vonar gruppa kan hjelpe oss. Det er liten utvikling her. Framtida vår handlar om at me kan arbeide saman og hjelpe kvarandre så me alle kan få det betre, seier 28 år gamle Santa Bk.

– Og me treng betre vegar. Det er heller ikkje lett å finne arbeid her, og skulen vår er berre fram til 10. klasse. Etter det må borna gå til skulen ved elva nede i dalen. Det er langt, og me har ikkje råd til å senda dei dit, seier Masala Punmagar.

Etter at mannen blei sjuk, er det ho som har ansvar for den vesle jordlappen deira. Men pengane tener ho på dagarbeid med å bære stein og arbeide for andre. Ho kan tene 30 – 35 kroner om dagen, men berre når det er arbeid å få. Og det er det ikkje kvar dag.

– Gruppa betyr mykje, og me har stor tiltru til at ho kan hjelpe. Det viktigaste er at felles-
skapet kan inspirera og motivera oss. Mitt største ynskje er at dette skal hjelpe meg slik at døtrene mine kan få ei utdanning og lære eit yrkje, og at det kan være med å ta oss ut frå fattigdom. Eg drøymer at borna mine skal få den sjansen eg ikkje fekk, seier Masala Punmagar og ser utover fjellsidene som er kledd av den gule sennepsblomen. Om ikkje lenge skal ho og dei andre kvinnene her stå krokbøygde over blomen som gjev ei kjærkomen attåtinntekt.

2019 Pyutan Nepal KDCN

I gruppa drøftar dei felles utfordringar og samtalar om korleis dei saman kan løyse dei, og hjelpe kvarandre. 

2019 Pyutan Nepal KDCN

Medlemmar i gruppa på veg til fjellstova for å drøfte korleis dei skal planlegge ein kjøkkenhage. 

Nepal er verdas største produsent av sennepsfrø. Saman med Canada står dei bak om lag 57 prosent av verdsproduksjonen. For Nepal utgjer det ei betydeleg inntekt.