2022-bangladesh-shonglap-forum-sumaiya-aktar-(3)
For Sumaiya Aktar blei Shonglap inngangen til noko nytt. Ho lærte husdyrhald og å avle opp geiter. Dei har gjeve henne inntekter og gjer at ho no kan strekkje seg mot nye mål.

Sumaiya og geiteflokken

For Sumaiya Aktar (15) blei Shonglap den endringa i livet ho drøymde om skulle skje, men aldri visste ho kunne få. Nå drøymer ho om å ta utdanning og sikre ei betre framtid for seg og familien. Det gjer ho saman med andre tenåringsjenter i Shonglap Forum.

kartmarkor-magentaBangladesh, Kurigram

 


Tenåringsjentene er samla i eit av forsamlingshusa i landsbyen. Det er her dei heldt møta sine. På veggane heng det plakatar og ark med utsegn og notat frå undervisninga. I januar danna dei gruppa dei no er med i, eit forum for å ta opp saker som vedkjem dei og landsbyen deira. 

For jentene i Baniypara Shonatori Shonglap forum har livsmestringskurset Sjef i eget liv - Shonglap, som dei var med på sist år begynt å skape den endringa dei så mange gonger har drøymd om. 

Shonglap har vore ei plattform for oss for å lære, og til å reagere.

Informasjonsarbeid
— Alle som var med i Shonglap er med i denne gruppa. Shonglap har vore ei plattform for oss for å lære og reagere, seier jentene. Ein etter ein står dei fram og fortel korleis programmet har endra og sett i gong reaksjonar og aksjonar i liva deira og i landsbyen. 

 — Me har hatt aksjonar som skal hindre mobbing av born og unge. Me har delteke i informasjonsarbeid om Covid-pandemien. To gonger har vi teke opp saker med lokale styresmakter for at dei skulle gje familiar det dei rettmessig hadde krav på. Mest stolte er me over at me har hindra to born frå å bli gifte bort, og at informasjonsarbeid mot vald mot kvinner og jenter har ført til at dette er sterkt redusert, seier tenåringane stolt.  

Kampanjar
Dei legg vekt på at dei gjer informasjonsarbeid som skal skape endringar i samfunnet, og at det tek tid å endre eit samfunn nedanfrå. 
— Difor er kampen mot barneekteskap, misbruk av alkohol og narkotika og vald mot kvinner, saker det er viktig å drive kampanjar for, og ta opp igjen og igjen, fortel jentene. 

Me vil ikkje at born skal få born. Det er feil og farleg. Men ikkje alle foreldre forstår oss når me tek dette opp.

Dei har oversikt over alle jentene i landsbyen som er mellom 13 og 17 år gamle og har teke kontakt med dei og foreldra deira for å snakke om minstealder for ekteskap - og at det ikkje er lov å gifte bort ei jente før ho er 18 år gamal.

Stogge barneekteskap
— Me vil ikkje at born skal få born. Det er feil og farleg. Men ikkje alle foreldre forstår oss når me tek dette opp, men dei forstår når me forklarar kva som kan skje. Me er unge, det er våre liv og vår framtid dette handlar om. Me vil ikkje ha barnebruder lenger, og me vil stogge barneekteskap. Det er ikkje rett. Utan Shonglap hadde me ikkje kjent til denne sanninga. Men no veit me, og me skal arbeide for å endre samfunnet på dette området, seier dei 18 tenåringsjentene samstemde.  


(Saken fortsetter under bildet)

2022-bangladesh-shonglap-forum-sumaiya-aktar-(2)
Livsmeistringskurset Shonglap skaper endringar for jentene og familiane deira. Til nå har dei mellom anna klart å stogge to barneekteskap. Her er jentene saman i eit møte i Shonglap Forum.

Kamp mot klimaendringar
Jentene har også teke opp kampen mot klima- endringane og den globale oppvarminga. 
— Me ser at elvane våre blir større og større og flaum skjer oftare og villare enn før. Det øydelegg hus, jorder og vegar på sin veg. Difor arbeider me med treplanting. Det vil være med å binde jorda og gjere den meir robust til å stå imot erosjon når flaumen kjem. Gruppa har også teke eit ansvar med å distribuere tørrmat til familiar som er råka av flaum.

Me ser at elvane våre blir større og større og flaum skjer oftare og villare enn før. Det øydelegg hus, jorder og vegar på sin veg. Difor arbeider me med treplanting.

Shonglap og utdanning 
Sumaiya Aktar (15) er ei av dei mange i Bangladesh som blei sterkt råka då skulane måtte stenge på grunn av Covid-19, og var borte frå skulen i nærare tre år. Då Shonglap kom til landsbyen var ho ei av dei som raskt bestemde seg for at dette ville ho være med på. Då læraren i Shonglap-klassen spurde om ho ville være med var ho ikkje sein om å svare ja.  

— Det har vore så fantastisk å være med på dette. Då skulane ble stengde, sa læraren at eg måtte kome attende når dei opna. Men fattigdom gjorde at det ikkje var mogeleg. Foreldra mine hadde ikkje råd til det, fortel Sumaiya.
— Me ville at ho skulle gå på skulen og få ei utdanning og ei inntekt og få det betre enn det eg hadde, men kunne ikkje rå med det. Og no er ho med i Shonglap forum, det er så godt, seier mor hennar, Rohima Aktar, med eit stolt smil. 

Ender og høner
No er dotter hennar ein stolt eigar av ein liten geiteflokk. Det starta med eit lite lån på 3000 taka (300 kroner) gjennom Shonglap. For det kjøpte ho to geiter. No har ho 11, og ni har ho seld. For dei nesten 5000 kronene ho tente på det har ho kjøpt land. Her har ho no 10 ender, 15 høner og kyllingar, og no kan ho hjelpe foreldra økonomisk. 

Eg hadde ikkje hatt geitene, eg hadde ikkje hatt pengane og ikkje draumane mine heller. Men no har eg tankar om framtida, draumar og mål å strekke meg mot.
Sumaiya (15)

Nye mål og nye draumar
— Hadde eg ikkje blitt med i Shonglap, og lært det eg no veit om menneskerettar og jenters rettar, om barneekteskap og kor feil det er, hadde eg ikkje vore der eg er i dag. Gjennom Shonglap har eg fått forståing for det å spare og korleis ein kan låne for å investere og tene pengar. Eg har og lært om helse, hygiene og ernæring, om dyrehald og dyrehelse og mykje meir.

— Eg hadde ikkje hatt geitene, eg hadde ikkje hatt pengane og ikkje draumane mine heller. Men no har eg tankar om framtida, draumar og mål å strekke meg mot. Det hadde ikkje skjedd utan Shonglap, seier tenåringen. 

Ho steller godt med geitene som tygg blader og greiner på den opne plassen framfor heimen, og hentar eit trau med kraftfôr. For tenåringen er det geitene som er svaret på om ho kan klare å få verkeleggjort draumane ho ber på og planane ho har. Men det deler ho med ingen – ikkje enno i alle fall. Shonglap og Shonglap forum ho er med i har gjeve henne attende gleda over å kunne drøyme og vone om noko anna.


Tekst og foto: Egil Mongstad

Oppdatert onsdag 7. desember 2022