Stogga ekteskapet
– Eg var livredd og visste ikkje korleis eg kunne komme unna dette. Håpet kom då venene mine i Shonglap-gruppa tok kontakt med mor og far. Men dei ville ikkje lytte, og var bestemte på at ekteskap skulle det bli, seier den unge jenta, som no er blitt 17 år gamal.
Men venene gav ikkje opp. Dei snakka med folk i landsbyen og fekk støtte, og snart måtte foreldra gje seg. Å snu prosessen tok lang tid, men etter sju dagar blei ekteskapet stogga.
– Det var heilt forferdeleg. Eg blei så trist. Me skulle holde bryllaup og gifte bort dotter vår. No er eg verkeleg glad det blei stogga, seier mor og ser stolt på dotter si.
Håpet kom då venene mine i Shonglap-gruppa
tok kontakt med mor og far.
Shadona
Stolt og glad
– Når eg ser ho saman med dei andre jentene her og ser ho i teater og korleis ho syng og dansar og er med å påverkar oss som bur her, då blir eg både stolt og glad. Eg ser kva det betyr for henne og kor mykje ho og dei andre jentene gjer for landsbyen vår, då skjønar eg at det var feil å skulle gifte henne bort, seier mor Ekka.
Shonglap har skapt store endringar og gjort at problem knytt til alkohol er kraftig redusert. Talet på barneekteskap, som før Shonglap kunne være fleire i året, er også kraftig redusert.
– Dei vaksne ser på oss jenter som ei byrde. Difor vil dei gifte oss bort. Eg blir så trist når eg tenkjer på det. Men no ser dei at me har verdi, at me kan bidra og delta, både med kunnskap og inntekter.
No ser dei at me har verdi, at me kan bidra og delta, både med kunnskap og inntekter.
Shadona
I Shonglap startar dei ein aktivitet som gjev inntekt. Det kan være frisør, skreddar, drive med geiter, høner eller ender, eller anna.
– Slik kan me og hjelpe foreldra våre og samstundes syte for pengar til vår eiga utdanning. Dette hadde aldri skjedd om eg hadde blitt gifta bort. Det var Shonglap som redda meg, seier Shadona med eit stort smil.
Tekst og foto: Egil Mongstad