2022-sri-lanka-rpk-jobbskaping-kvinner-spade
Desse kvinnene tek spaden i eigne hender og driv no ein berekraftig landsbyorganisasjon med stor respekt i lokalsamfunnet sitt på Sri Lanka.

Tek spaden i eigne hender

Driftige kvinner på Sri Lanka har endra lokalsamfunnet sitt. No driv dei si eigen entreprenørverksemd og legg inn tilbod på både vasking av sjukehus og vegarbeid.

kartmarkor-magentaSri Lanka, Kulekada

 


Det som byrja med 60 medlemmer for 10 år sidan er no blitt ein berekraftig lokal organisasjon med stor respekt i lokalsamfunnet. 
— Då me starta, visste me ikkje ein gong korleis me skulle halde og gjennomføre eit møte og ei heller korleis me skulle spare eller låne ut pengar. Det er det den lokale organisasjonen her som har lært oss, fortel kvinnene i landsbyorganisasjonen Ekamuthu, som betyr "Saman". 

Styrke kvinners stilling
I fleire år har Strømmestiftelsen samarbeida med organisasjonen Rajarata Praja Kendraya (RPK) som arbeider her. Eit av tiltaka har vore å styrke kvinners posisjon og å bygge opp landsbyorganisasjonar, såkalla Community Based Organisations (CBO), som er forankra i lokalsamfunnet. Spare- og lånegrupper for å betre privatøkonomien er ein aktivitet i organisasjonen. Ein landsbyorganisasjon er også ein juridisk einskap med rett til å ta opp saker med styresmaktene og til å delta i høyringar om ulike saker i nærmiljøet. 

Viktig entreprenør
Kvinnenes organisasjon har over tid utvikla seg til å bli ein av dei viktige entreprenørane her. No deltek dei i tilbodsrundar og kjempar med andre selskap om jobbar i området. Dei vann ein kontrakt om å vaske det lokale sjukehuset, og nyleg vann dei ein kontrakt om å bygge ein ny veg. Dei har også fått ein kontrakt om å setje opp eit elektrisk gjerde.  

— Når me vinn ein kontrakt, tilset me folk. Dei treng arbeid og inntekt, og me får jobben gjort. Fem prosent av kontrakten er forteneste til vår organisasjon. Det er ingen andre som gjer noko tilsvarande her. Me har eit godt rykte, og både ordførar, lokale styresmakter og folk flest tykkjer vel om jobbane me gjer, fortel Siralage Gunawathi. Ho er sekretær for gruppa og har vore med sidan starten. 

I 2021 kunne dei bokføre ein gevinst på 2800 kroner, og på dei første seks månadane i år hadde dei tent 5600 kroner. Dette går inn i sparekapitalen til gruppa og er medlemmanes pengar. 


(Saka held fram under bileta)

2022-sri-lanka-rpk-jobbskaping-kvinner-siralage-gunawathi

Inngår kontrakter

— Når me vinn ein kontrakt, tilset me folk. Dei treng arbeid og inntekt, og me får jobben gjort. Fem prosent av kontrakten er forteneste til vår organisasjon. Det er ingen andre som gjer noko tilsvarande her. Me har eit godt rykte, og både ordførar, lokale styresmakter og folk flest tykkjer vel om jobbane me gjer, fortel Siralage Gunawathi. Ho er sekretær for gruppa og har vore med sidan starten. 

2022-sri-lanka-rpk-jobbskaping-kvinner-kiriyage-chandrawathi

Eigedomspapir

— Det var tilgangen til vår eiga jord og papir på at me eigde den som var viktig å få på plass først. Me er bønder. Utan jord kan me verken tene pengar eller ha eit arbeid å gå til. Dette var den viktigaste jobben og den første saka me tok i gang med. Me brukte eit år på denne saka.

No har alle fått papir på jorda dei eig, fortel organisasjonens leiar, Kiriyage Chandrawathi.

2022-sri-lanka-rpk-jobbskaping-kvinner-gunadasage-chandima

Informasjonsmøter

— Ei av sakene me har arbeida med har vore å finne born som har droppa ut av skulen og hjelpe dei tilbake. Så langt har me hjelpt tre born med det, seier styremedlem Gunadasage Chandima. 

— Me held også informasjonsmøter om vald mot kvinner og barneekteskap. Det har gjort at dette er redusert i området, fortel ho.

Økonomisk hjelp
— No er det mange som ynskjer å bli med. Men me heldt litt igjen. Det er andre organisasjonar her også. Men dei er ikkje så progressive og nytenkande som oss, seier sekretæren.
— Mennene stør oss i dette. Dei ser at det me gjer betyr mykje både for oss og samfunnet. Er eg seint ute og ikkje rekk heim for å lage mat, så er det mannen min som koker mat, seier ho og smiler.

Då dei starta organisasjonen var ei av dei viktige sakene å få på plass eit berekraftig nærmiljø. Området her var sterkt råka av borgarkrigen. Det var landminer i åkrane, brønnane var forgifta, måtte gjerast reine og byggast om, og folk hadde stor gjeld og måtte få hjelp med økonomien.

Får eigedomspapir
Mange som hadde eigd jord før krigen hadde mista jorda og hadde ikkje papir på eigarskap.

— Folk visste ikkje kven som eigde kva, og nokon ville ta meir jord enn det dei hadde før krigen. Borgarkrigen øydela så mykje for oss, seier Gunawathi. 

— Det var tilgangen til vår eiga jord og papir på at me eigde den som var viktig å få på plass først. Me er bønder. Utan jord kan me verken tene pengar eller ha eit arbeid å gå til. Dette var den viktigaste jobben og den første saka me tok i gang med. Me brukte eit år på denne saka. No har alle fått papir på jorda dei eig, fortel organisasjonens leiar, Kiriyage Chandrawathi.

Rydde landminer
Det neste var å få hjelp til å rydde landminer.

— Det var eit skremmande og farleg arbeid. Eg fann ni miner på min gard. Eg brukte hakke for å rydde,  det var livsfarleg, seier eit av medlemmene. 

Praten går lystig på terrassen heime hjå leiaren. Ho serverer te, kjeks og sjølvdyrka bananar. Ein katt dukkar svolten opp. Kraftige vindkast røskar i bananpalmane og ristar godt i trea med papaya. I hagen veks prydplantar som til dømes Coleus – ein plante som også dekorerer norske heimar. 

Dei har fått til mykje og har endra samfunnet her.  


(Saka held fram under bileta)

Fakta om kvinner i arbeid

illustrasjon-feminin-symbol-kryss

Lav kvinneandel i lederskap

I januar 2022 var andelen kvinner i nasjonalforsamlinger globalt 26,2 prosent, en økning på kun 3,8 prosent fra 2015. Med denne farten vil det ta 40 år før kvinner og menn er likt representert.

Antall kvinner i lederposisjoner globalt økte minimalt, fra 27,2 prosent i 2015 til 28,3 prosent i 2019. Fra 2019 til 2020 var det ingen økning.

illustrasjon-kvinne-smerte

Flest kvinner i uformell sektor

I fattige land jobber flest kvinner i uformell sektor. Uformell sektor er arbeid som ikke er regulert av myndighetene. 

På verdensbasis er mindre enn 50 prosent av alle kvinner i arbeidsdyktig alder aktive i arbeidslivet. 

illustrasjon-6-kvinner

Vi styrker kvinnene!

I 2021 begynte 73 prosent av alle kvinner som var med i Strømmestiftelsens programmer en aktivitet som ville gi dem en jobb og en inntekt, eller de utvidet en allerede eksisterende jobb.

64 prosent av alle kvinner i våre programmer ble valgt inn i lokale styrer og prosesser. I Sri Lanka er dette tallet 95 prosent mot 40 prosent i 2014. 

 

Reint vatn til alle
— Mange her har hatt store problem med nyrene. Vi fann ut at årsaka var at drikkevatnet ikkje var reint og at det hadde altfor store verdiar av fluor. Som landsbyorganisasjon kunne me gå til styresmaktene med denne saka. Resultatet er at no får kvar familie 20 liter reint drikkevatn gratis, kvar dag. I tillegg blei det sett i gang eit arbeid med å reinske og rydde i brønnar som vart øydelagde under krigen, fortel Gunawathi. 

Landsbyen Kulekada er eit fattig område, isolert og langt frå ein større tettstad. 
— Me visste ikkje kva me kunne krevje, og heller ikkje korleis og kvar me kunne framsetje krava våre. Me var redde for å snakke. Men dette har endra seg. Vi har lært korleis me skal fremje sakene våre og stå opp for oss sjølv, seier leiaren, Kiriyage Chandrawathi.. 

Tilbake til skulen
— Ei anna av sakene me har arbeida med har vore å finne born som har droppa ut av skulen og hjelpe dei tilbake. Så langt har me hjelpt tre born med det, fortel Gunadasage Chandima, eit av styremedlemmane i organisasjonen. Ho meiner fattigdom og foreldre som ikkje forstår kor viktig utdanning er, er årsak til at dei tek borna sine ut av skulen for å arbeide, passe born, eller sende dei til eit kloster der dei blir munkar i ein periode.

Endre haldningar 
— Me held også informasjonsmøte om vald mot kvinner og barneekteskap. Det har gjort at dette er redusert i området, seier Chandima. 

Ein gong i månaden er det møte. Då blir det spart pengar, lån, gjeve ut nye lån, og ein går gjennom lånesøknader. Gruppa har også ein sosial konto til disposisjon for å hjelpe familiar som treng hjelp.

Betyr mykje
—  Eg har ikkje ord for kor mykje dette har betydd for oss. Det har endra både oss og samfunnet vårt og gjeve oss tru på at me kan få til mykje. 
Som fattigfolk har me ikkje tilgang til vanleg bank. Gjennom vår orgamisasjon får me tilgang til pengar og kan låne utan pant. På mindre enn ein time kan eg låne 100 000 – 200 000 rupi. I dagens situasjon etter Covid-pandemien, med politisk uro i landet vårt og krigen i Ukraina — som har utløyst sterkt inflasjon og stor prisauke — er det dette som kan berge oss. Landsbyorganisasjonen vil være livbøyen vår gjennom denne krisa. Me skal klare oss, seier kvinnene i Kulekada.


Tekst og foto: Egil Mongstad

Oppdatert fredag 9. desember 2022