2021-montegouola-cmmf-mali-sst-33046--photo_egil_mongstad (800x1062)
Soungoura Diarra sel grillkol og drøymer om ei betre inntekt og eit betre liv med spare- og lånegruppa.

Draumen er å ha mat nok til alle

I ein forstad utanfor Bamako har 30 kvinner starta ei spare- og lånegruppe. Ein av medlemmane er kolseljar Soungoura Diarra. 

kartmarkor-magentaMALI , Bamako, Montougoula

 


Soungoura Diarra følgjer spent med når rådgjevar Mariame Coulibaly frå Strømmestifelsen forklarar korleis gruppa kan endre livet til medlemmane. Diarra er med i ei ny spare- og lånegruppe i Montegoula, ein forstad til hovudstaden Bamako i Mali, og det ho høyrer gjer henne glad. 

Me er i eit heilt nytt område for Strømmestiftelsen, og rådgjevaren fortel at gruppa kan hjelpe dei til å skaffe seg eit levebrød og slik betre inntekta til seg og familien. Men skal dei få det til, må dei spare og låne og skape eit arbeid som kan gje inntekt. Ho fortel óg at Strømmestiftelsen skal vere med å følgje opp og rådgje gruppa. 

Diarra ynskjer at dette kan hjelpe henne og mannen, slik at dei kan få litt betre råd. Mannen er dagarbeidar og bygger hus. Ho er kone nummer ein og har fem born. I tillegg til å selje grillkol dyrkar ho bananar, urter og grønsaker, alt til eige bruk.  

– Eg er fattig. På ein dag kan eg tene tre kroner, den neste dagen kanskje fem eller seks, andre dagar mindre. Draumen min er å ha mat nok til alle, og eit hus der det er plass til oss alle. Det har me ikkje i dag. Vona mi er at gruppa kan hjelpe oss, seier Soungoura Diarra i Montegoula.

Ho har aldri gått på skule, men meiner det er viktig at borna får utdanning. Alle borna hennar er gutar, den eldste over 30 år, og den yngste rundt åtte. 
– Det er ikkje alltid me klarer å betale skulepengar. Då må dei være heime. Det hender dei må være borte frå skulen ein månad eller meir. Men me vil at dei skal få utdanning og gjer det me kan for å få det til, seier Diarra. 

Ho fortel kor audmjukande det er å verken kunne lese eller skrive. 
– Ein føler seg så liten, og det gjer vondt nå du veit at det som står der handlar om deg og andre må lese det for deg, seier ho.


Tekst og foto: Egil Mongstad

Oppdatert fredag 17. juni 2022