map of Africa

Afrikas nye verkelegheit

Korleis har folk det under pandemien? Me har spurt 2731 familiar i Uganda, Tanzania, Sør-Sudan og Kenya. Les kva dei svarar.

— Eg er redd for utdanninga mi. Eg er trøytt av å være heime og gjere husarbeid. Eg er redd eg skal bli gravid og redd for å bli barnebrud.
Skulejenter er dei som er mest sårbare og utsett for dette, no når skulane er stengde. 
Jente i Kenya (14)

32 %

prosent av borna frå rike og velståande familiar i Uganda kunne fylgje undervisning på TV. Ingen av dei spurde frå fattige familiar hadde tilgang til TV.

8%

av skulebarna seier dei mest truleg ikkje vil kome tilbake til skulen etter pandemien. I Sør-Sudan vil 15 prosent, og i Uganda 11 prosent av dei spurde ikkje tilbake til skulen. I Kenya vil alle attende til skulen når dette er over.

59%

av borna som har opplevd vald seier aldri i frå om dette. Dei trur vald er normalt og at det skal være slik. 10 prosent seier dei ikkje veit kor dei skal seie frå.

1/3

av borna seier dei har vore utsett for vald sidan pandemien kom. I Sør-Sudan har 60 prosent blitt utsett for vald. I Uganda 41 prosent. Til saman har 33 prosent av dei spurte blitt utsett for vald i denne perioden.

53%

Covid pandemien har auka risikoen for tidleg graviditet med 53 prosent i våre samarbeids-område. Høgast er Kenya. Undersøkinga der syner ein auka risiko på heile 86 prosent. Deretter fylgjer Uganda og Sør-Sudan med 60 prosent

32%

av dei spurde seier dei har mista arbeid på grunn av pandemien. I Sør-Sudan gjeld det 45 prosent. I Uganda 38 prosent av dei spurte mista jobb, mens einast 16 prosent av dei spurde i Tanzania seier det same. 62 prosent av dei spurde har fått dårlegare råd.