Nye tilsette
SVERRE ØVRELID STEEN (41) er tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Strømmestiftelsen. Han skal særskilt arbeide med media og som samfunnskontakt. Steen har utdanning som journalist frå Høgskolen i Volda. Han har tidlegare arbeidd som journalist i Møre-Nytt, Nationen, Nynorsk Pressekontor og Dagsavisen.
Steen har også arbeidd i Direktoratet for nødkommunikasjon. Han kjem til Strømmestiftelsen frå jobb i Velferdsetaten i Oslo kommune, der han hadde ansvar for ekstern kommunikasjon.