2022-burkina-faso-speedschool-noriato-og-rahim-foro-egil-mongstad
Fattigdom og trugsmål frå jihadistar gjorde at venene Rahim (t.v) og Noriato måtte slutte på skulen. Men no tek dei att utdanninga dei har mista.

Opne skular tross terrorfrykt

Noriato (10) og Rahim (12) går i same klasse. Fattigdom og mangel på tryggleik sende dei ut av barneskulen. No er dei elevar ved ein hurtigskule - Speed School - og har fått ein ny sjanse til å få ei utdanning.

kartmarkor-magentaBurkina Faso, Ougadougou

 


Det er langt frå byen deira til hovudstaden Ouagadougou i Burkina Faso. Reisa med buss tek fire – fem timar. For Noriato og Rahim starta turen til hovudstaden i morgontimane, då sola heldt på å stige opp over åsane i aust. Også området dei bur i er prega av jihadistar og terrorfrykt. No har dei teke turen til storbyen for å fortelje korleis Speed School har gjeve dei ein ny sjanse, og vil hjelpe dei attende til skulen.

Husarbeid og barnepass
– Det er så kjempefint at me har fått denne sjansen. Me har så lyst til å gå på skulen, utdanning er så viktig, det kan hjelpe oss til ein god jobb, seier dei to venene og lyser opp i eit stort smil. Begge måtte slutte på grunn av fattigdom og konflikt mellom regjeringsstyrkar og jihadistar. Dette er ei konflikt som har gjort over 1,6 millionar menneske til flyktningar i eige land. 

– Då pappa døydde, hadde me ikkje pengar til at både eg og syster mi kunne gå på skulen. 

– Då pappa døydde, hadde me ikkje pengar til at både eg og syster mi kunne gå på skulen. Sidan ho var den eldste, var det ho som fekk begynne. Etter ei tid måtte ho slutte og ta jobb som hushjelp hjå eit syskenborn som hadde fått barn. Ho er framleis der. Men eg fekk ikkje hennar plass. Mamma var aleine, og eg måtte hjelpe henne med husarbeid og å passe småsysken, seier Noriato. 

Lærardraumen
Aller helst ville ho gått på skulen. Men Noriato blei heime for å hjelpe mor. 
– Ho fødde meg. Eg hadde ikkje betalt henne for det. Ho har gjort så mykje for meg. Det er mi plikt å hjelpe. Sidan pappa døydde så tidleg, var dette viktig, seier 10-åringen. Ho er glad i skulen og sjansen han gjev henne, og ho elskar å lese og skrive. 
– Draumen min er å bli lærar og kanskje ein dag undervise ved ein Speed School. Det hadde eg lika, seier ho.

– Eg var heime og hjelpte foreldra mine. Men det er best å være på skulen. Der lærer eg andre ting og får kunnskap. 

Blir ikkje lurt lenger.
Rahim kremtar forsiktig. Han elskar å syngje og stemmer i ein song om å ynskje velkommen og om ei trygg reise vidare og der du skal til. Han gjekk i andre klasse då han måtte slutte fordi det ikkje var trygt å sende borna til skulen.
– Eg var heime og hjelpte foreldra mine. Men det er best å være på skulen. Der lærer eg andre ting og får kunnskap. Eg har mange vener som ikkje er på skulen. Det eg lærer, prøver eg også å lære vidare til dei, seier han. Aller best likar han rekning. 
– No kan ingen lure meg når eg er på butikken, for no kan eg rekne sjølv, seier Rahim. 


 

2022-burkina-faso-speedschool-noriato-photo-egil-mongstad

Draumer om å bli lærar.

– Draumen min er å bli lærar og kanskje ein dag undervise ved ein Speed School, seier Noriato.

2022-burkina-faso-speedschool-rahim-photo-egil-mongstad

Let seg ikkje lure

– No kan ingen lure meg når eg er på butikken, for no kan eg rekne sjølv, seier Rahim. 

2022-burkina-faso-speed-school-parent-issa-sawadogo-photo-egil-mongstadViktigare enn skule
– Å få foreldre til å forstå kor viktig det er at borna går på skulen kan være ei utfordring, seier Issa Sawadogo. Han er leiar i foreldrekomiteen for Speed School i Boussouma, og ser korleis mange born droppar ut av skulen for å arbeide. Pandemien har gjort enda fleire fattige, og foreldre vel å halde borna sine heime slik at dei kan arbeide framfor å gå på skulen. 

– For mange foreldre er pengar viktigare enn skulegang. Difor er Speed School gratis, seier Raichu Ilboudo, programkoordinator for Strømmestiftelsens samarbeidsorganisasjon, Foundation Develoment Community (FDC). I dag har ho ansvar for 10 senter i området med 25 elevar på kvart senter. 

Utfordringa er foreldre som ikkje skjønar kor viktig det er å få ei utdanning. Dei har aldri lært å lese og skrive. For dei er arbeid viktigare enn skule.

3100 stengde skular 
Mange born arbeider i gullgruvene og drøymer om den store rikdomen. 
–  Men jobben er farleg og tek mange liv, seier Issa Sawadogo, og fortel at born heilt nede i 10-års alderen sluttar i skulen for å arbeide i gruvene eller for å hjelpe til heime.

Utfordringa er foreldre som ikkje skjønar kor viktig det er å få ei utdanning. Dei har aldri lært å lese og skrive. For dei er arbeid viktigare enn skule, seier Sawadogo. I regionen har frykt for jihadistar og terrorfrykt stengt 3100 offentleg skular. 2000 av dei er i Mali, 1000 i Burkina Faso og 100 skular i Niger. 

– Me vil også stengje Speed School senter dersom det er trong for det, og det har skjedd i nord. Men til no har alle sentera i våre område halde opne, seier Issa Sawadogo. Ein av sønene hans fekk ein ny sjanse med Speed School og går no i sjette klasse. Han er glad for det skulen betyr borna og framtida deira og meiner Speed School er trygg.


Tekst og foto: Egil Mongstad

Oppdatert onsdag 19. oktober 2022