2021 Speed School Mali
Azahara (12). For eit år sidan hadde ho ikkje gått på skule. No er ho den beste i klassen. Her er ho saman med læraren Bassamba Sanoussi.

Gjer draumane levande

Mali: Utdanning er viktig. Difor betyr Speed School så mykje for Azahara Yaya Mohamed.

Azahara (12) fekk aldri begynne på skulen. Fattigdom stal den sjansen frå henne. Far er sjåfør, mor er husmor  og nauda i familien er stor. Då kom ikkje utdanning høgast på prioriteringslista. Men Speed School har endra på det, og no kan draumane få liv att.
– Det betyr så mykje å være med på dette, seier Azahara med eit varleg og blygt smil. Ho har vore elev i klassen i nokre månader, og den forsiktige jenta er best i klassen.
 
Det var mor til Azahara som skreiv dotter si inn i Speed School. Ho ville at ho skulle få ein ny sjanse og ynskjer at utdanning skal gje henne eit anna liv utover det å bli gift og bli mor og husmor. Ho vil at Azahara skal lære og få ei utdanning.
 
Speed School-senteret i Djingareyb er utanfor den historiske byen Timbuktu nord i Mali har 25 elevar, 14 av dei er jenter. Alle kjem frå svært fattige familiar. Skulen et eit tilbod til born som av ulike grunnar ikkje har begynt eller har avslutta skulegang. Etter ni månader kan eleven, etter ein bestått prøve, fortsetje i tredje eller fjerde klasse i offentleg skule. Programmet har gjeve fleire titals tusen born ein ny sjanse til utdanning.

Den politisk vanskelege situasjonen i Mali går ikkje minst ut over borna. Ifylgje UNICEF er meir enn 1100 offentlege skular stengde og 350 000 born er for tida utan skuletilbod. I tillegg har koronapandemien ført til at skular har vore stengde nokre månader. Mange born kom ikkje attende då skulane opna att.

Til tross for den vanskelege situasjonen har Speed Schools klart å oppretthalda aktiviteten, og nærare 90 prosent av alle elevane klarte opptaksprøvar til å kome vidare til den offentlege skulen. Azahara Yaya Mohamed er ein av dei. Ho er svært glad for sjansen ho har fått. Draumen er at ho ein dag kan stå framfor ein skuleklasse og lære andre born det ho ein gong fekk sjansen til då Speed School endra hennar framtid.


Tekst og foto Fatoumata Dembélé — Timbuktu, Mali