2022-sri-lanka-caritas-vocational-training-nirojan-isithor
Nirojan Isithor er 24 år og har investert i verktøy og utstyr til verkstaden sin.

Jobben min: Mekanikaren i Madhu

Nirojan Isithor sit ikkje på latsida og ventar på at nokon skal gjere opp for han. 24-åringen har starta sin eigen mekaniske verkstad, og kundane strøymer på.

kartmarkor-magentaSri Lanka, Madhu junction

 


– Onkel hadde verkstad. Når me var på besøk der, var eg alltid saman med han. Eg fekk bli kjent med nokre av verktøya hans og tenkte at “når eg blir stor, skal eg óg gjere dette”, fortel 24-åringen. 

Lærling
Verkstaden ligg langsmed vegen, like ved tettstaden Madhu, nokre mil før du kjem til byen Mannar på nord-vest kysten av Sri Lanka. I leige betalar han vel 100 kroner i månaden. 

I Mannar fekk tenåringen yrkesopplæring i verkstadfag og mekanikk gjennom Caritas, ein av Strømmestiftelsen sine samarbeidspartnarar på Sri Lanka. Eit kurs over 12 månader, og halvanna år som lærling på ein verkstad i Mannar, har gjeve 24-åringen nok kunnskap og pågangsmot til å investere.
– Eg kjem hit fordi han er ein av dei beste, seier ein kunde som kjem med ein motorsykkel. Nirojan hentar skrujern og skiftenøkkel, og ikkje lenge etter er problemet løyst. 
– Kjedet var for slakt, så eg måtte stramme det. No er alt orden, seier han. 

Skal ein nå litt lenger, må ein satse.

Snart gjeldfri
Nirojan har teke opp lån og investert fleire hundre tusen rupi i utstyr og verktøy til verkstaden sin. Noko har han lånt frå foreldra og noko frå Road Workers Society (vegarbeiderforeininga), som han er med i. Frå Caritas fekk han vel 500 kroner i oppstartgåve, og litt har han frå eiga sparing. Det meste har han betalt attende. No skuldar han berre 2400 kroner, så er han gjeldfri. 

Litt billigare
– Eg likar å reparere og skru på ting, seier han. I verkstaden har han det han treng for å hjelpe vegfarande med det dei treng. Og han er alltid tilgjengeleg. 
– Dersom eg ikkje er her kan dei ringe, og eg kjem. Det er viktig for meg å ha eit godt forhold til kundane mine, seier han. 

Han likar best å arbeide med tok-tok, motorsykkel på tre hjul. Disse kan han mest om. På ein god dag kan han ha 10 – 15 kundar, og tjene 4-5000 rupi, 100-150 kroner dagen. 
– Kostar ein jobb 300 rupi hjå andre tek eg halvparten. Dei har meir erfaring og kan ta meir, så eg ligg alltid under, fortel han med eit stort smil. 

No har han bygd rampe for å gjere oljeskift på bilar, og draumen etter dette er å investere i eit anlegg for å lakkere syklar, trehjulingar og bilar.
– Det vil koste, men samstundes gje meg enda fleire sjansar. Og skal ein nå litt lenger, må ein satse, seier 24-åringen.


NAVN: Nirojan Isithor
BOSTED: Madhu, Sri Lanka
INNTEKT: 100 til 150 kroner dagen
ARBEID: Mekanikar

 

 

 


Tekst og foto:  Egil Mongstad

 

60 prosent

av dei som no er mellom 20 og 24 år og blei gifte bort før dei fylte 18 har aldri gått på skule.  

50 prosent

av kvinnene i Bangladesh som no er midt i 20-åra, blei gifta bort før dei hadde fylt 18 år.

25 prosent

av kvinnene som er gifte før 18 år meiner det er greitt å bli slått av mannen.

Oppdatert onsdag 19. oktober 2022