2021 teacher students exam South Sudan
Ei stor hending i livet til disse studentane i Sør-Sudan som har teke lærareksamen og no kan kalle seg for utdanna lærarar.

Stor dag for nyutdanna lærarar

Høgtidleg når 97 nyutdanna lærarar får sine diplom etter å ha fullført lærarutdanning.

Like før jul kunne 79 studentar, 74 menn og fem kvinner, frå Maper lærarhøgskule ta imot sine velfortente diplom etter å ha fullført lærarutdanning. Den høgtidelege tildelinga skjedde på lærarskulen i Aweil, nord i Sør-Sudan. 
Sør-Sudan er eit land med stor mangel på kvalifiserte lærarar og behovet for lærarar med utdanning  er enormt. 
– For å dekke behova treng me kvart år 2000 nye utdanna lærarar, sa Awut Deng Acuil, statsråd for utdanning og opplæring i si helsing til studentane. Ho takka spesielt Strømmestiftelsen, og understreka at lærarutdanninga i Sør-Sudan er svært avhengig av Strømmestiftelsens støtte. Ho uttrykte også stor takk til lærarskulen i Maper for arbeidet dei gjer i ei utfordrande tid. Acuil lova å vidareføra det gode samarbeidet med Strømmestiftelsen og andre som arbeidar med lærarutdanning i landet.