south-sudan-juba-wol-wol
Rektor William Wol Wol i et av klasserommene på den første skulen han bygde.

Skolegründer i Juba

For fire år sidan starta William Wol Wol ein eigen barne- og ungdomsskule i utkanten Juba i Sør-Sudan. No har han lagt ned denne skulen og bygd ein ny skule nærare byen.

Det er ungar i skulegarden. Born fulle av forventning, og lystne på å lære, står på rekke og rad utanfor klasseromma. Her i dette området har dei aldri hatt skule tidlegare.

Men no ventar lærarar og klasserom på borna. William har bygd ein ny skule her nettopp for å kunne gje utdanning til fleire born. Her har han kjøpt land, og treng med det heller ikkje betale for å leige jord til skulen, slik han gjorde før. Her har han meir plass til å utvide når han treng det.

William(32) er fattigguten som ville bli lærar. Det var draumen hans. No er han lærar og rektor med eigen skule.

Heime i Aweil, ein by nord i Sør-Sudan, underviste han som frivillig i fleire år. Men han ville ta utdanning og kom inn på lærarskulen i Rombur. Den ligg i utkanten av Juba og er ein av fire statlege lærarskular i Sør-Sudan som er støtta av Strømmestiftelsen.

– Me strekker oss mot å bli ein god skule som gjev elevane kvalitetsundervisning. Det er mottoet vårt og det me ynskjer for skulen vår, seier læraren og rektoren. 

Her fullførte han utdanninga, og etter eksamen starta han ein skule ikkje langt unna. 

– For å få meir plass og fleire elevar har han nyleg flytta denne skulen. No har han vel 200 elevar, mot 900 på den gamle skulen. Men talet kjem til å stiga raskt. I det nye området er det ikkje andre skular, og snart vil det kome fleire born til skulen hans. William ser verdien av utdanning og kor viktig dette er for borna og framtida til Sør-Sudan, seier landkoordinator for Strømmestiftelsen i Sør-Sudan, Robert Otik. 

No har Wol-Wol ni lærarar på lønningslista, seks menn og tre kvinner. To er lærarutdanna. Dei andre tek utdanning mens dei er i jobb. Denne etterutdanninga er også støtta av Strømmestiftelsen, og er særs viktig for å få fleire kvalifiserte lærarar.

Skulen har ei foreldregruppe med 15 medlemmar, sju menn og åtte kvinner. Nokre av lærarane slutta då skulen blei flytta, og andre på grunn av koronapandemien. Skulepengar og eigne fond, i tillegg til støtte gjennom programmet Girls Education South Sudan (GESS) som er administrert av Strømmestiftelsen, gjer at skulen kan klare seg økonomisk. 

– Me strekker oss mot å bli ein god skule som gjev elevane kvalitetsundervisning. Det er mottoet vårt og det me ynskjer for skulen vår, seier læraren og rektoren. 
Og kvalitet  leverer dei. For nokre få år sidan hadde skulen ein av dei beste elevane i matematikk. I ein nasjonal test fekk han 94 av maksimalt 100 oppnåelege poeng.


 

Tekst og foto: Egil Mongstad, Juba, Sør-Sudan

FAKTA

Sør-Sudan er det landet i verda med flest born i grunnskolealder (72% i 2018) som ikkje får utdanning. Landet har også stort underskot på kvalifiserte og utdanna lærarar. 

  • Ein av tre skular er enten øydelagt, stengt, eller okkupert og teke i bruk til andre føremål. 
  • I 2020 var 1400 born og unge på førskule og grunnskule gjennom Strømmestiftelsens arbeid i dette landet.
  • 57.346 jenter fekk hjelp til skulegang gjennom programmet GESS  (Girls Education South-Sudan).
  • I 2020 brukte Strømmestiftelsen over 9,5 millionar kroner på utdanning her