2019 TRAFICKING NEPAL
Flaks gjorde at dei to venene, Babita og Pratima ikkje enda på bordell i India. Men for mange unge jenter i Nepal går det ikkje like bra.

Redda på grensa

Ei vaksen kvinne, fattigdom og trongen til å hjelpe mor var det om heldt på å sende dei to venene til prostitusjon i India.

Det heldt verkeleg på å gå gale for dei to venene i landsbyen Gadahawa i Nepal. Dei bur nokre få mil frå den indiske grensa, ikkje langt unna den historiske staden Lumbini i Nepal.
– Det kom ei dame til oss og spurde om me ville være med henne for å tene litt pengar. Me skulle være med på markanden der me skulle underhalde på eit arrangement. Det var som eit slags sirkus eller tivoli, fortel dei to jentene.

EIN SJANSE TIL Å HJELPE
Babita (17) og Pratima (14) er gode vener og frå same landsby. Babita hadde slutta på skulen. Far hennar hadde reist frå familien og mor var fattig og klarte seg berre så vidt. Pratima gjekk i åttande klasse. Men huset ho budde i måtte vølast. Taket lakk og familien var fattig og kunne ikkje reparere det. Dette var ein sjanse til å hjelpe mødrene sine, tenkte dei. Kvinna dei reiste med sa dei ikkje måtte fortelje til nokon kva dei skulle. Og ein morgon sat dei på bussen utan at nokon i familien visste om det.

– Det gjekk berre ein dag før me blei tekne med til grensa der me vart møtt av to unge, indiske menn som skulle sjå etter oss. Me spurte kvinna kva me skulle og sa me ville heim. Men ho nekta. Me vart redde. Dei to unge menna var med oss heile kvelden og til ut på dagen neste dag, fortel dei to jentene.
Då hadde dei to menna snakka med nokon. Dei veit ikkje kven det var, men til alt hell for jentene vart det ingen «handel».  Dei som skulle ha dei hadde ikkje pengar til å betale. Dessverre klarte dei to gutane å stikke av, men kvinna som hadde teke dei til stasjonen blei arrestert.

SKULLE SELJAST
Jentene blei tekne hand om av organisasjonen Maiti Nepal. Det er ein av fleire organisasjonar som arbeider med jenter som er blitt offer for menneskesal og prostitusjon.
– Me er glade dei ikkje kunne betale for jentene og at det gjekk som det gjorde. For det kunne gått så mykje verre, seier ei av dei som arbeidar i organisasjonen SCDC, ein av Strømmestiftelsens samarbeidspartnarar her i området. Dette var planlagt. Jentene skulle seljast og dette er ein svært vanleg måte å lure unge jenter på, fortel ho.

EIN LÆREPENGE
Det er så uendeleg mange som kjem over grensa her. Denne dagen kom det sju jenter. Til samen blei 473 jenter stogga her på denne grenseovergangen og redda i 2018. Men det er mange som dessverre ikkje opplever det, fortel ho.
– Pappa hadde meldt frå til politiet at me var borte. Eg er glad gutane ikkje fekk pengar og at me redda oss. Eg skjønar ikkje heilt at me gjorde dette. Og me kjem aldri til å gjere det igjen, seier dei to jentene, Babita og Pratima.

Tekst og foto: Egil Mongstad
Gadahawa, Nepal