2021-niger-niamay-handicap-tofi-likestilling-abdulay-habibou
- Prosjektet Together For Inclusion er ei motivering for oss som trur på inkludering og likestilling, seier Abdulay Habibou, leiar for Handicapforbundet i Niger.

Viktig for likestilling og inkludering

Leiar for handikapforbundet i Niger lovpriser tilbodet TOFI (Together for Inclusion) og hva det betyr for dei med ei funksjonsnedsetjing.

kartmarkor-magentaNIGER, Niamey

 


– I samfunnet vårt blir dei med ei funksjonsnedsetjing diskriminert, både i familier og elles. Dersom ein familie har funksjonsfriske born og eit med funksjonsnedsetjing, er det den funksjonsfriske som får gå på skulen. Det andre må være heime. Dette ser me skjer over heile landet, seier Abdulay Habibou, leder av handikapforbundet i Niger.  

Det er ikkje uvanleg at born med eit handikap får mindre å ete, dei blir sendt på gata for å tigge, eller blir diskriminert og utnytta på anna vis.

Han fortel om eit møte i ein landsby der han fann eit 10 år gamalt barn med funksjonsnedsetjing som var bunde til eit tre. Han veit òg att det ikkje er uvanleg at born med eit handikap får mindre å ete, dei blir sendt på gata for å tigge, eller blir diskriminert og utnytta på anna vis i sin eigen familie. 

Solidaritet og forståing   
– Å stå saman for inkludering er eit svært viktig tiltak, både for byen og landet vårt. Det hjelper oss til å peike på kva rettar dei med ei funksjonsnedsetjing har og fortel oss mykje om korleis me skal arbeide for å oppnå desse rettane. Tiltaket hjelper oss med å byggje forståing og solidaritet mellom dei med funksjonsnedsetjing og andre. Prosjektet er òg ein motivasjon til å ta opp kampen mot den diskrimineringa dei med funksjonsnedsetjing blir utsett for, seier Habibou.

Les 12-åringen Jasminas historie: Nå er jeg som de andre

Saman med Strømmestiftelsen driv vår lokale samarbeidspartnar, organisasjonen ONEN, sju Speed Schools i Niamey der born med funksjonsnedsetjing er inkludert i klassen. Programmet TOFI (Together for Inclusion) er ein del av ei større satsing på å innlemme disse borna i skulen. 

Programmet vil gjere folk merksame på kva rettar dei har. Det vil hjelpe oss til å kjempe mot den diskrimineringa som skjer.

Ting blir betre
Habibou stadfester samstundes at funksjonshemma har fått det mykje betre gjennom dei siste åra. 
– Dette tiltaket vil hjelpe oss til å gjere enda meir for funksjonshemma. Programmet vil gjere folk merksame på kva rettar dei har. Det vil hjelpe oss til å kjempe mot den diskrimineringa som skjer, og arbeide for å inkludere dei meir i kvardagen vår, seier Abdulay Habibou. 

Motivert og målretta


2021-niger-niamay-handicap-tofi-likestilling-speed-school-lerer-aissa-yacouba

Aissa Yacouba har vore lærar i offentleg skule i 15 år. Dette er første året ho underviser i Speed School programmet, og det er første gong ho har born med funksjonsnedsetjing i klassen. 

– Det er svært gjevande å være lærar i ein slik klasse. Det er utfordrande, men det gjev meir. Eg lærer mykje sjølv, men først og fremst er eg imponert over kor målretta desse elevane er, seier læraren.

Nokre av borna har vore innom skule tidlegare, men har gjeve opp på grunn av lite hjelp og motivering frå heimen og skulen.

– Her hjå oss blir dei motivert, og dei er ein inspirasjon og motivasjon for oss alle. Eg er imponert over kor hardt dei arbeider og kor viktig skulen er for dei. Utdanninga kan være ein veg ut frå fattigdom og bort frå eit liv som tiggar på gata. Dette er så bra for dei og for heile samfunnet vårt, seier Yacoba entusiastisk. 

Oppdatert fredag 17. juni 2022