2022-niger-food-distribution-sakina-chaibou-sst-32917--photo_adamou_assoumane_issa
– Mathjelpa betyr så mykje og er det som kan hjelpe oss over kneika, seier Sakina Chaibou.

Mathjelp gjev ny von

Langvarig tørke gjer at familiar i Niger treng mathjelp. Funksjonshemma Sakina (15) og familien hennar er blant dei som har fått hjelp.

kartmarkor-magentaNIGER, Balleyara

 


Sjølv når det meste ser ut til å gå imot, dukkar det opp noko som kan gje oss ny von, seier Sakina Chaibou, og smiler. 15-åringen er elev i Strømmestiftelsens hurtigskoler, Speed School, og familien er ein  av dei som no får mathjelp gjennom Strømmestiftelsen i Niger.  

– Dette er det som kan hjelpe oss over kneika fram til neste innhausting, seier ho.   
Nyleg kunne dei ta imot 50 kilo hirse, ein sekk mais, salt, matolje og i tillegg ei matte, 50 såpestykke og eit moskitonett.

Mathjelp  
– Det gjev oss mat i minst ein månad framover, seier den unge jenta. No treng ho ikkje gå svolten til skulen lenger. Det gjer skuledagen betre.  
Sakina har nedsatt funksjonsevne og er med i Strømmestiftelsens utdanningsprogram “together for inclution” (TOFI) som går ut på å innlemme personar med nedsett funksjonsevne i Speed School.  
– Dette har gjeve meg ein ny sjanse til å få ei utdanning, sier ho.  

På ei reise med foreldra sine til nabolandet Ghana, der dei dreiv handel, blei ho sjuk og mista muskelkraft i den eine foten. Ho blei ufør, og slutta på skulen. 
– Diverre er det vanleg at born med bevegelseshemming ofte ikkje fullfører skulegang og endar som tiggarar, seier Strømmestiftelsens landdirektør i Niger, Hannatou Hassan. 

Stort behov for hjelp  
– Dette betyr uendeleg mykje for dei 811 familiane som har fått mathjelp, seier Hassan. Ho understrekar samstundes at behovet for hjelp framleis er stort.  

– Takk for hjelpa! Dette gjer at eg no kan sjå framover, både på grunn av maten vi har fått, men også fordi eg er med i Speed School. No kan eg studere, få ei utdanning og bli ein ressurs som kan bety noko for landsbyen, landet og folket mitt, seier Sakina Chaibou, som har fått lækjarhjelp, krykkjer og ein betre kvardag etter at ho blei med i Speed School. 


Tekst:  Fatoumata Dembele og Adamou Assoumane Issa. 
Foto:  Adamou Assoumane Issa
2022-niger-food-distribution-sakina-chaibou-sst-32908--photo_adamou_assoumane_issa

En god beskjed å få

Sakina, som er avhengig av krykker på grunn av en bevegelseshemming, er glad for at hun og familien er blant dem som får utdelt mat. 

2022-niger-food-distribution-sakina-chaibou-sst-32916--photo_adamou_assoumane_issa

Takk for maten!

- Takk for hjelpa! Dette gjev oss mat i minst ein månad framover, sier Sakina letta, der ho står saman med mor si. 

Oppdatert mandag 21. mars 2022