(488x501)
Pandemien gjer at flerie unge jenter blir gravide. Her fleire unge mødre frå Talek i Masai Mara. (Illustrasjonsfoto)

Fleire tenåringar blir mødre

Sidan koronapandemien kom, har meir enn 200 .000 tenåringar i Kenya blitt gravide.

– Det er eit svært høgt tall. Dersom me skulle overføre det til ein norsk samanheng ville 20 000 norske tenåringar blitt gravide i tidsrommet frå pandemien kom og fram til i dag, seier Lars Lindkvist (bildet) i Kenya. 

Han er leiar for Basecamp Foundation, organisasjonen som Strømmestiftelsen samarbeider med i Narok fylke i Kenya. 

– Det er svært alvorleg. Berre i Narok er det registrert over 12.000 tenåringsjenter som er blitt gravide i denne perioden. Dei verkelege tala er ganske sikkert høgare. På vår eigen skule i Talek har me to jenter på 13 og 14 år som ventar born. Dette er resultatet av at skulane er stengde og borna er heime, seier Lindkvist. 

Ta ansvar

Han fortel at i kulturen er det ikkje uvanleg at tenåringsjenter blir gravide, men no gjeld det langt fleire enn det som er vanleg.

I Narok er det registrert over 12 000 tenåringsjenter som er blitt gravide i denne perioden.

– I Basecamp Foundation freistar me å gjere denne situasjonen til noko positivt. Me har satt i gong debatt og samtalar i lokalbefolkninga omkring tema. Me utfordrar foreldre til å ta ansvar, oppmodar dei til å få færre born, og få dei til å forstå at mange born har ein økonomisk negativ effekt. Så ber me dei hjelpe borna sine når dei skal føde, for her er det fleire som døyr i barsel, seier Lindkvist. 

Djup fattigdom

Både Sør-Sudan, Nepal, og fleire andre av landa me arbeidar ser me ein auke i barnefødslar og barneekteskap. 

– I Sarlahi i Nepal blei det til dømes gjennomført 33 barneekteskap i då landet var nedstengd. Ei undersøking gjort på tre helsesenter i Sør-Sudan registrerte 576 gravide tenåringsjenter i tidsrommet januar til juli 2020. 10 av dei var mellom 10 og 14 år. Dette skjer fordi borna er heime og har mykje tid for seg sjølv, seier landkoordinator Robert Otik i Sør-Sudan. Han er spent på kor mange som kjem attende når skulane opnar att.


Tekst og foto: Egil Mongstad