bilde-2-sor-sudan-2
SØR-SUDAN: Tre jenter les saman på ein skule . I dette landet er det svært mange born som ikkje får skulegangen dei har krav på. For Strømmestiftelsen er utdanning eit hovudsatsingsområde. Vegen ut frå fattigdom startar ofte i klasserommet. 

Verden i bilder

Her kan du se bilder og bli med inn i situasjoner som viser noe av hverdagen til menneskene vi i Strømmestiftelsen arbeider sammen med.

bilde-3-mali-2

MALI

Glede. Ei ung kvinne les høgt frå ei bok. Når bokstavane får betydning, får også bøkene innhald. 
 – Når me kan bokstavane og talla får meining, kan ingen lure oss på marknaden lenger, fortel ei kvinne. Ved å styrke kvinners stilling styrker ein også familien.

Foto: Egil Mongstad
2018-nepal-startet-restaurant (800x861)

NEPAL

Ei ung kvinne i Nepal har skapt sin eigen arbeidsplass og opna restaurant. Jobbskaping  er noko av det Strømme-stiftelsen legg vekt på i kampen mot fattigdom. Eit arbeid som kan gje inntekt er heilt avgjerande for familien. Det skaper stoltheit og tryggleik for utdanning, helse og velferd.  

Foto: Øystein Venås Sørensen
2014-samvad-nepal

NEPAL

Fire vener på veg til skulen. På ryggen ber dei skulebøkene sine, bøker med kunnskap som bærer i seg håpet om ei framtid utanfor fattigdom. Fattigdomens bør tyngjer, kunnskap er det lett å bære. I Strømmestiftelsen skal me nedkjempe fattigdom, difor er utdanning så viktig.

Foto: Egil Mongstad