illustrasjoner-180000
Ein prosent inflasjon på matvarer kan føre til 180 000 fleire fattige, ifylgje ein rapport frå sentralbanken i Nepal.

Fattigdomen har gode tider no

Krigen i Ukraina fører til kraftig prisvekst på viktige varer som kveite, gass, olje, kunstgjødning, og gjer at den globale fattigdomen vil auke.

For skuleborn i Uganda, Bangladesh eller Burkina Faso er krigen i Ukraina ein fjern og ukjent krig. Likevel må dei, kanskje meir enn nokon annan, bære fylgjene av den meiningslause invasjonen i Ukraina. 

Dyrare mat
Prisstigning på viktige matvarer og olje og bensin, gjer at folk får det verre for kvar dag. Fylgjene er aukande transportkostnader og med det dyrare mat og andre varer. Enkelte familiar opplever no at kjøpekrafta berre rekk til eit måltid om dagen. 

Fleire born kjem til å slutte på skulen, det blir meir barnearbeid, vald i heimen og kriminaliteten vil auke.

Ein katastrofe for borna
I regionane våre er ein redd dette vil føre til svelt-katastrofe for fleire millionar menneske, levekostnadane vil auke, og det blir meir underernæring blant born. "Fleire born kjem til å slutte på skulen, det blir meir barnearbeid, vald i heimen og kriminaliteten vil auke. Det blir dyrare å gå på skulen, og mange som no var på veg attende til skulen kjem ikkje til å begynne igjen. Fylgjene er at avstanden mellom dei fattige og rike kjem til å auke", skriv regionkontora våre i ei oppsummering. 

Dyrare kunstgjødning
I Vest-Afrika har krigen ført til auka kostnad på kunstgjødning. Styresmaktene i Mali har oppmoda bøndene til å tenkje alternativ og bruke økologisk gjødning. Men fylgjene av manglande kunstgjødning er reduserte avlingar i fleire år framover. I alle våre tre samarbeidsland i regionen merkar ein òg ei kraftig prisauke og inflasjon som fylgje av krigen. 

I Niger har situasjonen vore dramatisk lenge før krigen i Ukraina. Feilslegne avlingar i 2021 og kraftig prisauke på kveite gjer at fleire millionar no står overfor matmangel. Også i nabolandet Burkina Faso stig matvareprisane, og det vest-afrikanske økonomiske samarbeidet, ECOWAS, sine sanksjonar mot landet gjer at inflasjonen er høg. 

(Saken held fram under bilda)

illustrasjoner-45-prosent-hvete

45 % kveite kjem frå Ukraina

Sri Lanka får 45 prosent av all kveite frå Russland og Ukraina. Halvparten  av soyabønner, solsikkeolje og erter kjem òg frå Ukraina.

illustrasjoner-32-prosent-drivstoffpris

32 prosent auke på drivstoff

I Aust- Afrika har prisen på bensin og diesel stige med 32 prosent. Eit såpestykke, som før kosta 12 kroner, koster no 26 kroner. 

illustrasjoner-15-prosent-gjodselpris

15 % auke på kunstgjødning

I Uganda har prisen på kusntgjødning gått opp med 15 prosent sidan invasjonen i Ukraina. 

På Sri Lanka, der landet av politiske årsaker så og seie er konkurs, er det stor underskot på drivstoff og medisinsk utstyr.

Alvorleg Myanmar og Sri Lanka
I tillegg til ein ustabil lokal valuta styrt av Myanmars sentralbank, er det òg spekulasjonar på kva som skjer med våpenleveransar til landet, ettersom Russland er ein stor våpenleverandør til militærjuntaen. Mykje tyder på at Kina står klar til å fylle det behovet. 

På Sri Lanka, der landet av politiske årsaker så og seie er konkurs, er det stor underskot på drivstoff og medisinsk utstyr. Her set krigen også sterke spor. 

Redusert kjøpekraft
Også i Bangladesh fører kraftig prisstigning til redusert kjøpekraft for fattige. Landet kjøper kveite, mais og kunstgjødning frå Russland, og må no hente disse varene frå andre land. I tillegg har landet store byggeprosjekt der Russland er leverandør, mellom anna eit atomkraftanlegg.

I Nepal stig oljeprisen, og pumpeprisen har gått opp. Fylgjene er høgare prisar på matvarer. 

For oss betyr det òg at naudhjelp kjem til å få ein større plass i våre program. 

Meir naudhjelp
– Den situasjonen me ser no understrekar berre enda meir kor viktig arbeidet me gjer er. Krisa råkar sjølsagt også våre program, og det må ta omsyn til. Svoltne born lærer ikkje, og i vinter samla me inn til mat nettopp til familiar i Niger. Den situasjonen me hadde i Niger, kjem til å forsterke seg no, seier generalsekretær Erik Lunde i Strømmestiftelsen. 

2022-erik-lunde-portrait-image-sst-33083--photo_oystein_venas_sorensen– Krisa skaper ein ekstra vanskeleg situasjon. For oss betyr det òg at naudhjelp kjem til å få ein større plass i våre program. Vi skal arbeide med langsiktig bistand, men samstundes må me tenkje naudhjelp når det er behov for det, seier Lunde. 

Uforståelege kutt i bistanden
Han er tydeleg på at krisa råkar breitt, og at det er dei mest fattige og sårbare som betaler den høgste prisen. Difor er han sikker på at dette ikkje er tida for å seinke ambisjonane i bistanden. 

– Når styresmaktene våre kuttar i bistandsbudsjettet til å bruke på flyktningar frå Ukraina i Noreg, blir det vanskelegare å nedkjempe fattigdom. Det er heilt uforståeleg at dei gjer dette når vi ser korleis den globale krisa utviklar seg, seier Lunde. 


Tekst og foto: Egil Mongstad

Oppdatert fredag 17. juni 2022