Bilal Hussain driv køyreskule. Dei siste 30 åra har han lært opp unge og eldre i Bangladesh korleis dei skal oppføre seg i trafikken. I dag skal han lære 25 år gamle Rajandranath å køyre, så han kan få seg jobb som sjåfør.
Ettertrakta på arbeidsmarknaden
I bilen hans held 25 år gamle Rajendranath Barmon på å øve seg til snart å bevege seg ut i trafikken. På eit ope jorde øver han på å ta sertifikat. Med køyrelæraren i bilen må han ta seg frå start til mål, mellom kjegler og hinder, og trene på å møte den verkelege trafikken ute på vegen.
— Dette har vore ein draum for meg. Eg har alltid ynskt å lære å køyre bil. Det ser så spennande ut, og det er ein god måte å tene pengar på.
Rajendranath (25)
— Dette har vore ein draum for meg. Eg har alltid ynskt å lære å køyre bil. Det ser så spennande ut, og det er ein god måte å tene pengar på. Det er eit stressande yrke, men jobbane er mange, og folk som har lært å køyre er ettertrakta som sjåførar, seier 25-åringen.
Det vil koste han 1000 kroner å få sertifikatet. I tillegg vil køyretimane koste han til saman 900 kroner.
Stønad til yrkesutdanning
— Dette er eit viktig tiltak me støttar for å hjelpe folk inn i arbeid, seier prosjektkoordinator Tamim Ahmed i organisasjonen Rangpur Dinjapur Rural Service (RDRS).
— Det er mange som ynskjer å ta sertifikat. I prosjektet, som er ein del av den støtta me får gjennom av Strømmestiftelsen, legg me til rette for at ungdommar kan ta sertifikat og slik bli attraktive arbeidssøkjarar til gode og interessante arbeidsplassar. Me støttar med 250 kroner i reisepengar og 900 kroner til køyretimane. Planen er å utdanne 50 sjåførar i år. Me har også frisør og skreddar som to andre og svært attraktive aktivitetar me gjev støtte til yrkesutdanning i, seier Tamim.
(Saken fortsetter under bildet)