Leder: Kamp mot menneskehandel

Egil Mongstad
Redaktør Egil Mongstad

Slaveri og menneskehandel er ikkje noko som berre skjedde for lenge sidan. Det skjer kvar dag.

Du sit no med ein heilt ny versjon av Strømmestiftelsens magasin i hendene. Tidlegare heitte bladet Hjelp til Selvhjelp. No har det fått namnet S. Det er ei forenkling av Strømmestiftelsen og S peikar sjølvsagt på oss. Eg håpe du vil like bladet.

I S skal me framleis fortelje deg historiar frå arbeidet. Me vil inspirere og motivere, og skrive om korleis gåvene dine kjem til nytte i kampen mot fattigdom. Me vil og fortelje kvifor det er viktig at me saman fortset denne kampen.

I dette bladet har me gjeve stor plass til menneskehandel, eit av dei mørke kapitla i verdshistoria. For slaveri og menneskehandel er ikkje noko som berre skjedde for lenge sidan. Det skjer kvar dag, og meir enn nokon gang tidlegare. I Nepal samarbeider me med ein organisasjon som hjelper born, som har vore offer for menneskehandel tilbake til eit liv så normalt som det er mogeleg å få til.

I dette bladet kan du og lese om eit vellukka samarbeid med 15 unge kvinner i ei systove i Tanzania, og om korleis ein heil familie fekk betre økonomi og enklare liv gjennom eit prosjekt me hadde i landsbyen deira.

God lesnad og har du kommentarar til bladet – så send meg gjerne eit ord.

1egil-mongstad-sign