2020 Silent night Holy night
Frå venstre: Alexander Rybak, Ingrid Berg Mehus, Maria Haukaas Mittet, Hans Marius Hoff Mittet og Rune Larsen.

Stille Natt, Hellige natt

Den tradisjonsrike førjulskonserten kunne også sist år overføre pengar til kampen mot fattigdom.

Koronapandemien gjorde at det i fjor ikkje var mogeleg å fylle kyrkjene til førjulskonserten Stille natt – Hellige Natt. 
– Men me bestemte oss for at me skulle gjennomføre alle konsertane, og det gjorde me. Gode kompensasjonsordningar frå staten gjorde det mogeleg. I nokre kyrkjer kunne me ha 50 personar, andre stader var det 20 og i ei kyrkje på austlandet var det einast lov med 10 personar, seier Tor Arne Rangås i Taran Management, som står bak turneen. 
Konserten har i fleire år samarbeida med Strømmestiftelsen. Og også denne gongen blir det pengar, til saman 400.000 kroner til arbeidet vårt og kampen mot fattigdom. Og me seier tusen takk og på gjensyn att i desember.