Mark Luko drømmer om å bli snekker.
Mark Luko drøymer om ein gong å starte som snekkar for seg sjølv. Her er han på yrkesskulen i Kuron.  Foto: Strømmestiftelsen/Egil Mongstad

Snekkardraumen

Han ville ikkje gjete kyr og passe geiter. Han ville heller gå på skule, lære og få kunnskap. Men det ville ikkje far hans. – Han henta meg midt i timen, fortel Mark (18) frå Sør-Sudan.

– Han henta meg midt i timen. Eg hadde gått på skulen eit par månader og var godt i gang i fjerde klasse. Mor ville at eg skulle gå på skulen. Ho hadde sett andre born ta utdanning og lagt merke til korleis det hadde endra dei. Dei fekk andre jobbar, blei sjåførar, sjukepleiarar og ho tenkte at det måtte være mogeleg også for hennar born. Men pappa ville eg skulle bli som han, ta vare på dyra, gjete kyrne og passe geitene. Skule var ikkje viktig, fortel 18 år gamle Mark Luko.  

Vil bli snekkar 
Han er nest eldst av åtte søsken. Berre han og ein yngre bror har gått på skule. No er han i tvil om broren og må slutte. 

– Om ikkje pappa vil betale utdanninga hans så må eg finne ein måte å gjere det. Utdanning er så viktig, seier Luko. No er han elev ved yrkesskulen i Kuron i Sør-Sudan, der han lærer å bli snekker. Skulen blir drive av Kuron Holy Trinity Peace Village – eit prosjekt satt i gang av biskop Paride Taban, og støtta av Strømmestiftelsen gjennom fleire år.  

Mark er frå Toposa-stammen, ein stamme der kyr betyr det meste. Jo større buskap, jo betre, og desto fleire jenter i familien, jo fleire kyr. Gutane blir lært opp til å gjete og ta vare på dyra. I  tørketida er dei med til kraalen (sumarbeite red.anm) som ofte ligg fleire dagsmarsjar unna. Då kan dei være borte i fleire månader, medan jentene er heime, gjer husarbeid og passar yngre søsken.   

Treng verktøy 
– Når eg blir vaksen skal eg ikkje ha dyr. Eg skal gifte meg og få born og gje dei utdanning. Det er den einaste måten me kan utvikle samfunnet vårt på, seier Mark. Sjølv har han gått førskule og litt over tre år på barneskule.  

– Far min ser ikkje meininga med utdanning. Han vil ikkje hjelpe meg, og seier eg får gå til mor om eg treng hjelp. Hadde eg hatt verktøy no, kunne eg hjelpt han. Eg kunne byggje hus, lage stolar, senger, skap. Ein stol kan eg selje for 12000 pund (omlag 400 kr.) og tene om lag 6000 pund (200 kroner) på det. Eg kunne starte eit lite firma og bli sjølvstendig, seier Mark og drøymer om den dagen då han har det verktøyet han treng for å begynne og arbeide og klare seg sjølv. 

Men verktøy kostar og pengane til det har han ikkje.  

– Men det er lov å drøyme – det kostar ingen ting, seier han og smiler litt før han tek tak i eit hoggjern og ei klubbe, og arbeidar vidare på stolen han har begynt å lage. For det er dette han vil. 


Tekst: Egil Mongstad