2022-illustrasjon-julestjerne-betlehem-sentrert
Under denne himmelen av lys og stjerner er det ikkje dei og det er heller ikkje vi – der er det oss som bryr seg for og med kvarandre.

Ei verd full av lys

Har du sett lyset frå stjernehimmelen ei mørk vinternatt, eller hatt lyset frå mjølkevegen under ekvators kolsvarte mørke over deg, då veit du kva lys er.

Har det einslege lyset frå vindauga blinka deg velkomen heim ei haustnatt, og har du, mellom bårene, på veg inn frå havet, blitt møtt av glimta frå fyrlykta – då veit du kva eit lys kan være. 

Det er ikkje så mange månader sidan eg var på reportasjereise til Asia. Eg besøkte Bangladesh og Sri Lanka. To heilt forskjellig land ved det Indiske hav. Fattigdommen er stor begge stader. Pandemi har sett tydelege spor. Det er fleire fattige, talet på born som ikkje lenger er på skulen har gått dramatisk opp, barneekteskap går dessverre også opp, vald mot kvinner og born går opp, arbeidsløysa går opp, inflasjon og levekostnader går opp. Det einaste som ikkje går opp er lønna og det familiane treng for å overleve. 
 
Verda me lever i er i ei krise akkurat nå. Det er ingen tvil om det. Krig, fylgjene av ein langvarig pandemi, klimaendringar og ekstremvær mange stader, politisk uro –  det er slik verda er no. Endringar og uro gjer oss både engstelege og sårbare.  
 
«Verda er på full fart mot stupet, og me trykker framleis hardt på gasspedalen», sa FNs generalsekretær nyleg i samband med opning av klimakonferansen i Egypt. 
Den natta då englane song var det lyset som kom til verda. Den natta var det himmelen som kom og ber oss om å være lys for kvarandre.
 
I ei mørk og fattig verd finnest millionar av lys som skin for seg sjølv og saman med kvarandre. I ei verd full av mange utfordringar er der ein lyshav av gamle og unge, kvinner og menn som tek ansvar, som bryr seg, som er medmenneske og viser medansvar og medkjensle.
 
I Strømmestiftelsen er det også mange. Under denne himmelen av lys og stjerner er det ikkje dei og det er heller ikkje vi – der er det oss som bryr seg for og med kvarandre. Om det er landegrenser, om det er hav og fjellkjeder, om det er elvar og vatn, og endelaus skogar som skil oss – er det ein himmel full av stjerner og lys som vi alle lever under og som kvelvar oss saman.
 
Den natta då englane song var det lyset frå stjerna på himmelen som synte veg. Gjetarane  vart sikkert urolege og samstundes forundra over det dei opplevde. Men englane lyste på himmelen og dei song høgt om ei stor glede. 
 
Så mange gonger før hadde gjetarane sett mot lyset, mot stjernene på nattehimmelen for å finne vegen. Tallause gonger hadde stjernene synt dei leia, og kvar gong hadde dei kome fram til målet. Også denne gongen. Den store stjerna, slik dei aldri før hadde sett den, peika framover, mot eit mål der framme, mot eit liv som skulle være lyset, mot han som blei lys.
 
Den natta då englane song var det lyset som kom til verda. Den natta var det himmelen som kom og ber oss om å være lys for kvarandre.
Eg ynskjer oss alle ei riktig god og velsigna jul!  

Tekst: Egil Mongstad
Illustrasjon: Ailinn Ytterdahl

 

Oppdatert fredag 9. desember 2022