Leder: Kampen mot fattigdom må ta ny sats

Egil Mongstad
Redaktør Egil Mongstad

Verda står overfor ei av dei største utfordringane me har sett på mange årtider. Pandemien starta elende, krigen i Ukraina gjorde ikkje ting betre, og no strammar ei energikrise, global oppvarming og matsituasjonen grepet ytterlegare. 

Kanskje er det aller verste at så mange born har gått glipp av heilt grunnleggande og avgjerande utdanning. I månader har skular og klasserom stått tomme, og lærarflukt er ein realitet mange stader. Ettersom skulane har opna igjen, er det land som på nytt må holde skular stengde ein dag eller nokre timar i veka, på grunn av skyhøge energiprisar. 

Dette er alvorleg. For born som har gått glipp av utdanning vil det ta fleire år før dei kan lese, og skrive- og rekne kunnskapen er der den skal være. Og globalt taper verdsøkonomien milliardar på at millionar av born ikkje har fått den utdanninga dei skulle hatt. 

I Strømmestiftelsen er me opptekne av utdanning. Me meiner det er vegen ut av fattigdom. Saman med at folk får arbeid og inntekt er det heilt avgjerande at skular blir rusta opp, at lærarar får god utdanning så dei kan gje borna den opplæringa dei har krav på. 

Dette er min siste leiarartikkel i Strømmestiftelsen. 
I 24 år har jobben min vore å rapportere frå arbeidet vårt, å informere om kampen mot fattigdom og kvifor det er så viktig at me heldt på med det det me gjer.
Det har vore ei takksam oppgåve.

Våre eigne styresmakter har nedprioritert utdanning. Det er det vanskeleg å forstå når ein veit kor avgjerande utdanning er for all utvikling.

Dette er min siste leiarartikkel i Strømmestiftelsen. I 24 år har jobben min vore å rapportere frå arbeidet vårt, å informere om kampen mot fattigdom og kvifor det er så viktig at me heldt på med det det me gjer. Det har vore ei takksam oppgåve. Ikkje minst fordi det er så mange som støttar og heiar på arbeidet vårt. Men aller mest takksam er eg til alle dei som har delt sine historiar, sine draumar og håp, og fortalt meg om sine liv og sine utfordringar. Til alle dei som har teke meg med inn i sin fattigdom og raust delt av sine festdagar og kvardagar med meg. For nokre fine folk! Eg er dei alle djupt takksam.  


Egil Mongstad
Redaktør
Oppdatert fredag 17. juni 2022