2022-bangladesh-esdo-hattia-forskule-foto-egil-mongstad-(1)
Det er liv og røre og mykje glede når borna er på førskulen. Her er borna utanfor klasserommet.

Hjertevenn: Mykje morro på førskulen

Dei leikar, syng og dansar og har det gøy på Hattia førskule i Kurigram.

– Førskule er så gøy. Her får me syngje, leike, danse og me har det så kjekt, seier borna og lyser opp i strålande smil. 

På golvet, langsmed veggen, ligg ei matte med ulike skriftteikn på. Borna stiller i kø og sprett lett frå teikn til teikn samstundes med at dei syng og seier namnet på bokstaven. Bokstaver, tall, songar og vers på rim er noko av det dei lærer i førskulen. På veggane heng det plakatar og bilete. Tall og teikn frå det bengalske alfabetet er òg limt på veggen, og frå taket heng det glitter og ballongar. Midt på golvet ligg skulesakene pynteleg på plass. I eit krus i grøn plast ligg blyantar og viskelêr. 

Det er 20 born, 11 jenter og 9 gutar i klassen. Skulen er driven av organisasjonen Eco-Social Development Organization (ESDO), ein av Strømmestiftelsens samarbeidsorganisasjonar i Bangladesh, og han starta i 2019. 

Viktig å lese
– Det er stor fattigdom her, og mange lever frå hand til munn. Dei fleste driv fiske i tillegg til å være dagarbeidarar. Mange gutar sluttar på skulen i 10-års alderen for å hjelpe far med fisket. Foreldre som aldri har gått på skulen, skjønar ikkje kor viktig det er at borna deira lærer å lese og skrive og får utdanning, seier Shadona Rani. Ho er med i foreldregruppa og mor til eit av borna i førskulen.

Passe sysken
– Det er så fint å være her. Når me er ferdig med skulen hjelper me mamma og pappa med å mate hønene og geitene. Me kan hente vatn, gjere reint, passe mindre sysken eller gå til butikken for å kjøpe noko, seier elevane i kor med kvarandre. 

Godt læremiljø
– Åtte av ti born i landsbyen her er ikkje på skulen. Fattigdom er årsaka til det, seier Perven Shohang. Ho har vore lærar i 20 år i både den offentlege skulen og i organisasjonar og er full av lovord om førskulen som borna går på. 
– Pensum er likt med dei andre førskulane, men me har betre læremiljø, betre utstyr, og me er berre 20 born i klassen, mot 30 – 40 i den offentlege skulen, seier Shohang. 

– Førskulen er viktig. Me har ein dyktig lærar og borna våre lærer betre her og er godt førebudde når dei skal begynne på skulen, seier Shadona Rani. Gruppa følgjer med og ser etter at borna får den opplæringa dei skal ha og at skulen har det den treng. 

Så reiser ein elev seg og seier at ho vil bli sjukepleiar, ein annan vil arbeide i lokalstyret, ein tredje vil bli lærar og nokre vil bli politi eller doktor. Fleire vi bli sjukepleiarar og ei vil bli ingeniør.  Og ei drøymer om å bli pilot.

Draumane lever godt  på førskulen i Kurigram – det er draumar som kan ta borna ut av eit liv i fattigdom og  til ei utdanning som vil endre framtida deira.
 

Navn: Hattia førskule

Alder: Barn i førskulealder

Går på førskole for å førebu seg til den vanlege skulen.

Bosted: Bangladesh

hv-logo-rosa-med-slogan-hoyde

 

Som Hjertevenn hjelper du barn til en trygg hverdag, oppvekst og fremtid!
Gjennom barnehager og skoler hjelper Strømmestiftelsen barn i noen av verdens fattigste land. 

Les mer om Hjertevenn-fadder

 

Tekst og foto: Egil Mongstad
 
Oppdatert onsdag 19. oktober 2022