bard-vegar-solhjell

Framtidas bistand er grøn

Koronapandemien vil tvinge verdssamfunnet til å tenkje nytt om klima, forvalting, om gjenopning av verdsamfunnet og om bistand. Intervju med Norad-direktør, Bård Vegar Solhjell.

Bård Vegar Solhjell er i Arendal. Arendalsuka er igang og avtaleboka til Norad-direktøren er full.  
– Dette er ein fin plass å legge inn møter, seier han. Og direktøren har nok litt å snakke om. For det har vore dramatiske månader for global utvikling. Koronapandemien kan sende 100 –150 millioner fleire menneske ut i fattigdom. 

Større skilnad  
– Det blir fleire fattige, skilnadane vil auke. Dei som har det verst får det enda verre, seier Solhjell. Han synes det er urovekkande at ting tyder på at me her i Noreg kan komme godt ut av pandemien og meiner at det som er aller viktigst no er å få til det globale vaksinesamarbeidet slik at alle kan bli vaksinert.  
– Det vil være heilt avgjerandre. Me kan ikkje stille oss slik at me kjempar om å få meir vaksinar til oss sjølv, og den fattige verda ikkje får noko. Me veit at ein stor andel uvaksinerte kan auke faren for mutasjonar. Det kan råka oss alle. Kun med å vaksinere alle kan me nedkjempe viruset, seier Solhjell.  

– Det blir fleire fattige, skilnadane vil auke. Dei som har det verst får det enda verre.

Må auke innsatsen 
Norad-direktøren meiner pandemien gjer det kolossalt vanskeleg å nå bærekraftsmåla innan 2030. 
– Etter fleire år med framgang i kampen mot fattigdom, er pandemien eit kraftig økonomisk og sosialt tilbakesteg. Bærekraftsmåla blei satt høgt og det var utfordrande å bli samde om dei. Men dei er viktige, og måla står fast sjølv om pandemien gav oss eit slag midt i trynet, seier Solhjell.  
– Kan det kome noko godt ut av dette? 
– Det er interessant å sjå korleis verdssamfunnet har mobilisert. Vi har fått fram mykje vaksiner på kort tid, og pandemien har vist kor avhengige me er av kvarandre. I det ligg det òg ei forståing av at verda høyrer saman, meiner direktøren i Norad.  

Klima og miljøfokus 
Han er tydeleg på at når verdsamfunnet skal ta til på gjenopning, så er det ikkje ei gjenoppbygging vi treng, men nybygging. «Building forward better» heiter det på engelsk.  
– Me kan ikkje bygge på fossil energi med dei gamle løysingane og vekstmodellane me hadde. No må me tenkje nytt og investere i nye og berekraftige løysingar, seier Solhjell. 
Afrika vil ha eit enormt energibehov.  50 prosent av kvart nytt årskull framover vil komme frå dette kontinentet. Det betyr at Afrika må doble tilgangen på energi fram mot 2040.  
– Dersom det skal skje med olje og gass vil det være ein massiv klimablunder. Afrika må gå føre og satse på grøn og fornybar energi og bli det grøne kontinentet, seier Solhjell.  

Afrika må gå føre og satse på grøn og fornybar energi og bli det grøne kontinentet.

Jobbskaping 
– Det er store mogelegheiter for jobb i det grøne skiftet. Det gjeld både innan forsking, utvikling og i fornybar energi, seier Solhjell, og syner til at det er utviklingsbankar som ikkje vil finansiere energitiltak bygd på fossil energi. Han seier at ein ikkje kan halde fram med jobb-fokus utan å ta omsyn til klima og miljø og ser at bistandsorganisasjonane begynne å ta dette innover seg. Men framleis er dette eit tema som treng meir merksemd og diskusjon.   
– Framtidas bistand er grøn. Omsynet til klima og miljø må være 100 prosent med, og i Norad kjem me til å stille tydelege klimakrav til partnarane våre, seier han. 

Viktige samarbeidspartnarar 
Sivilt samfunn vil i uoverskueleg framtid vil være viktig for Norad, og organisasjonane utgjer nokre av dei mest kompetente på sine områder. Strømmestiftelsen er eit eksempel på det, seier Solhjell. Han understrekar også kor viktig privat sektor er, og viser til at pandemien har redusert private investeringar til fattige land med 42 prosent.  
– Skal me nå bærekraftsmåla er det avgjerande at privat sektor på nytt vil investere i fattige land, seier han. 

Born og unge må tilbake på skulebenken. 

Utdanning 
Pandemien har teke millionar ut i fattigdom og bort frå klasseromma. Skular har stått tomme, og mange vil oppleve det vanskeleg å komme tilbake til skulen.  
– Men born og unge må tilbake på skulebenken. Nøkkelen til Afrikas utvikling ligg her; at folk får utdanning og at det blir skapt nok jobbar. Pandemien har gjeve oss eit kraftig, men det er samstundes eit mellombels tilbakesteg, som det er mogeleg å ta fatt på og gjere noko med. Og det er her me no må ta til, sier Solhjell.  


 

Tekst og foto: Egil Mongstad