2022-sri-lanka-wdf-melkebonden-vinod-foto-egil-mongstad-(2)
Vinod fikk ein dag eit besøk på garden sin. Det endra livet hans som bonde. Her er han med ein nyfødd kalv - eit godt teikn på endringa som har hendt.

Mjølkebonden

Et besøk endra heile gardsdrifta for bonden Vinod (38 ) frå Sri Lanka. Kva var det som hende?

kartmarkor-magentaSRI LANKA , Maligavila Rathtree Wehla

Tekst og foto: Egil Mongstad

 


For Vinod Saranga Rajasinghe (38) begynner arbeidsdagen kvar morgon klokka halv seks. 12 timar seinare er i han på nytt i fjøsen for å mjølke dei åtte kyrne der. 

Vinod dreg opp ein påle ei av kyrne står bunde til og flyttar han til eit nytt beiteområde med meir friskt gras. Nokre meter unna har ei av dei andre kyrne hans tvinna tauet rundt ein lyktestolpe og kjem seg ingen veg. 
– Det er mykje å passe på når ein driv gard, seier Vinod Rajasinghe og forsøker å løyse kua som har surra seg fast.

La om drifta
Foreldra dreiv garden og dyrka mais, ris, bananar, mango og kokosnøtter, men hadde ikkje husdyr. Vinod var den av dei fire syskena som ville drive garden. Det er her han vaks opp, gjekk på skule og tok eksamen for vidaregåande utdanning. Men han ville drive med husdyr. Han kjøpte ei ku og begynte å produsere mjølk. Han meinte det kunne gje litt ekstra inntekt i tillegg til den vanlege gardsdrifta.

– Garden er om lag 40 mål. Det er bra til å drive mjølkeproduksjon, seier den unge bonden.

Han bur med foreldra sine, er ugift, og trivst godt med arbeidet. No har dei delt drifta. Han har 12 – 15 kyr på beite, mjølkekyr og kviger som skal heim om nokre få timar, medan foreldra driv som før.

– Eit besøk frå kvinnenettverket mor mi er med i endra gardsdrifta.

Mors kvinnenettverk
Mor hans er medlem i kvinnenettverket Woman Development Federation (WDF), ein lokal organisasjon og Strømmestiftelsens samarbeidspartnar gjennom fleire år.

WDF arbeider mellom anna for å hjelpe folk ut frå fattigdom gjennom mikrofinans, med landsbyutvikling og med å fremje rettar og å styrkje vanskelegstilte sin plass i samfunnet. Ein dag kom dei på besøk til garden.

Besøket
– Eit besøk frå kvinnenettverket mor mi er med i endra gardsdrifta. Dei såg kva eg hadde og meinte me kunne få til god mjølkeproduksjon her og oppmoda meg til å satse på det, fortel Vinod. 

No driv han eit mønsterbruk med 20 dyr. På båsen har han åtte mjølkekyr. Resten er kviger og kalvar. Han har tett kontakt med den lokale veterinæren, og gjennom det har han sunne dyr og kan sikre seg avl av gode mjølkekyr. Han får òg god oppfylging frå WDF, som hjelper med råd og rettleiing. 

(Artikkelen held fram under bilda.)

2022-sri-lanka-wdf-melkebonden-vinod-foto-egil-mongstad-(1)

Nyfødd kalv

Vinod er glad i dyra sine.  Ein nyfødd kalv gjev håp om ei god framtid for den driftige bonden.

2022-sri-lanka-wdf-melkebonden-vinod-foto-egil-mongstad-(4)

Graskuttaren

Denne graskuttaren gjer foret drygare, og har faktisk bidratt til å doble mjølkeproduksjonen.

2022-sri-lanka-wdf-melkebonden-vinod-foto-egil-mongstad-(3)

Mjølkemaskinen

Mjølja sel han til oppkjøparar, og er nøgd med prisen, som no har auka til ca 3 kroner literen.

Modellfarm
For få år sidan blei garden gjort til modellfarm. 
– Oppkjøparar, dyrlækjar og fagfolk såg at drifta var god og ville at garden skulle bli ein modellfarm. No er drifta mi eit førebilete for andre mjølkebønder. Eg reiser rundt og fortel kva eg gjer og korleis eg arbeidar, og det kjem bønder hit for å sjå og lære. Kan det eg gjer vere til inspirasjon for andre som driv med mjølk, så er det fint, seier Vinod og byr på eit glas saft i den varme ettermiddagsvinden.  

Mørke skyer byggjer seg opp på himmelen i aust. Snart kjem det daglege monsunregnet. Ein katt svinsar rundt på plassen og skremmer opp nokre høner som flaksar vilt av garde. To hundar ligg dovent og følgjer med.

No er drifta mi eit førebilete for andre mjølkebønder. Eg reiser rundt og fortel kva eg gjer og korleis eg arbeidar, og det kjem bønder hit for å sjå og lære.

Eit skilt ved inngangen til tunet fortel besøkjande at dette er ein modellfarm som har fått støtte både frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), EU og lokale institusjonar. 
– Eg fekk 130 000 rupi (ca. 4000 kroner) frå ein organisasjon. Pengane brukte eg til å støype golv i fjøset, som er bygd for lausdrift. Dyra mine har fått det mykje betre med ei slik open løysing, seier Vinod.

Dobla produksjonen
Han har mjølkemaskin, og nyleg kjøpte han ein graskuttar som finkuttar graset slik at fóret blir drygare og dyra får dyra meir næring. Omlegginga har gjort at han nesten har dobla mjølkeproduksjonen frå 4-5 liter per ku om dagen til 8-10 liter.
– Det er eg godt nøgd med. Prisen på mjølk er bra, om lag 110 rupi (3 kroner) per liter, mot 70-80 rupi for nokre månader sidan. Eg sel til oppkjøparar, og det er konkurranse mellom dei, noko som gjer at prisen til oss bønder er bra no, seier han. 

(Artikkelen held fram under bildet.)

 

2022-sri-lanka-wdf-melkebonden-vinod-foto-egil-mongstad-(5)
- Det er mykje å passe på når ein driv ein gard, seier bonden Vinod. Her må han løyse ei ku som har tvinna tauet rundt ein lyktestolpe og kjem seg ingen veg.

Dyrare drift
Økonomiske utfordringar som fylgje av politisk uro og sterk misnøye med dagens regjering har ført til enorm inflasjon og pris-auke på Sri Lanka. Prisen på kraftfôr har stige med 100 prosent, diesel er mangelvare og har blitt mykje dyrare, og stor prisoppgong på dyrlækjar og medisin til husdyra gjer at fortenesta er blitt mindre. Etter at presidenten stogga all import av kunstgjødning er det så å seie umogleg å få tak i. I tillegg er ein ustabil straumtilførsel med hyppige straumkutt, som kan vare i fleire timar, ei utfordring når han skal mjølke.

– Mor mi sitt kvinnenettverk har hjelpt meg til der eg er i dag. Dei inspirerte og motiverte meg. Utan dei hadde eg ikkje kome så langt. 

Vil utvide
Men Vinod vil meir og har planar om å utvide. Han meiner å ha nok jord til 10 kyr til. Men då må han  utvide fjøsen. Vil han ha meir vil han trengje meir gras, og må ha meir jord til grasproduksjon. 
– Mor mi sitt kvinnenettverk har hjelpt meg til der eg er i dag. Dei inspirerte og motiverte meg. Utan dei hadde eg ikkje kome så langt.

Eg begynte med ei ku, no har eg 20. Målet er i alle fall ti til. Eg reiser rundt og held foredrag om drifta mi, eg får betalt for det og andre bønder kjem hit for å lære frå meg. Eg held på å bygge nytt hus, og har kjøpt bil. Eg har mykje å være takksam for, seier mjølkebonden.  


 

Oppdatert torsdag 16. juni 2022