Illustrasjon av Maria og Josef
Josef og Maria. Illustrasjon: Ailinn Ytterdal

Julefortelling: Og fred på jorda

Fred på jorda var det englane song om den natta – den natta då himmelen lyste av Herrens herlegdom. Det er lenge sidan no. Men den gamle forteljinga har overlevd.

Den vaknar og ord får liv og form når me på nytt, og år etter år høyrer om kor englane song og gjetarane på marka vart livande redde. Og korleis engelen trøysta dei og sa:  «Vær ikkje redde!» 

For få månader sidan, før koronapandemien, i den tida då det var trygt å reise og me kunne fare vidt; den natta lyste stjernehimmelen så sterkt over eit nattverdbord i øydemarka ein stad i Sør-Sudan. Kring bålet og rundt altaret sat store og små kroppar, nokre med klede andre nærast utan, og song dei gamle songane. Og tonane strakk seg mot stjernene og mot himmelen og det var som om heile himmelhæren var ute og lyste gjennom dei millionar av stjerner som la sitt glitrande sølvteppe over oss - og kom til oss og sa: «Ære være Gud i det høgste og fred på jorda …» 

Fred på jorda?  
Og så er det ikkje fred. Det er håp  
- men det er ikkje fred.  

Så høyrer me at gjetarane gjekk til Betlehem – og der fant dei barnet englane hadde sunge om, og dei fant han i ein stall. Det var der dei måtte ta inn, for det var ikkje husrom til den vesle familien nokon annan stad i byen… 

Det er ikkje slik i vår tid – i vår tid er det husrom. I vår tid er det plass til alle. Men dørene er stengde. Tida me lever i har ikkje plass til dei som vil inn i den. Husrom er det mange av, men landeigaren vil ikkje leige det bort. I leirar er dei no – bak piggtråd og væpna vakter, i – store – kalde – våte og håplause leirar. Historia gjentek seg. 

Ikkje nokon gong tidlegare har verda sett så mange menneske på flukt, – og aldri tidlegare har det velståande vesten møtt dei med så mange stengsler. No er 80 millionar, store og små, born og vaksne, gamle og unge menneske på flukt grunna uro, krig og ufred. Og talet bli 18 millionar høgare når me reknar med alle som er flyktningar på gunn av klimaendringar og naturkatastrofar.  

Fred på jorda var det englane song om den natta. Den natta då stjernene skein over gjetarane – den natta då stjernene lyste over eit nattverdbord ein stad i Sør Sudan og dei gamle songane steig mot englane, mot himmelen.  

Om kontinent skil oss, om hav skil oss, om landegrenser, krig og ufred skil oss – så er det ein himmel som kvelvar oss saman, også i denne julenatta... og dei gamle orda får liv …  

Og englane syng som dei song den aller første julenatta -  «Ære være Gud i det høgste, og ferd på jorda blant menneske som Gud har glede i!» 

Tekst: Egil Mongstad