Leder: Når arbeidsplassen blir borte

2014-egil-mongstad
Redaktør for magasinet, Egil Mongstad, oppfordrer til samhold i krisetider.

Dagleg brød er avhengig av dagleg arbeid. Men i disse dagar opplever mange at arbeidsplassen blir lagt ned og arbeidet borte.

I ringverknadene etter koronapandemien kjem fattigdomens brutale verkelegheit til syne. Når me skal fortelje kor mange fleire som er blitt fattige, som har mista jobben, eller er ute av skulen, så gjer me det med tall. Prognosar syner at det kan kome så mange som 100 millionar menneske ut i ekstrem fattigdom som fylgje av denne pandemien. Det er alvorleg – svært alvorleg.

Det er mange tiår sidan verdsøkonomien har blødd så mykje som det me opplever no. Pandemien råkar alle land, og det er dei fattigaste som lid mest. For når arbeidsplassen blir borte og inntektene ikkje kjem lenger, er følgjene dramatiske.

Mister du jobben i  Noreg har du mindre å være redd for. Me har trygge sosiale system, og me blir godt tekne vare på. Men lever du i eit fattig land i Afrika eller Asia, vil dei fleste oppleve å stå på bar bakke utan stønad og ein stat som vil ta vare på deg når arbeidet blir borte. I dette bladet kan du lese om Florence og Iga i Uganda som fortel korleis dei må klare seg etter at Covid 19 tok levebrødet frå dei.

Det er mange tiår sidan verdsøkonomien har blødd så mykje som det me opplever no.

Tall er tall, men bak kvart einaste tall er det eit andlet, eit menneske med draumar og håp for seg og sine, akkurat som du og eg. Når me snakkar om at Covid 19 kan auke talet på fattige med 100 millionar, så er det 100 millionar enkeltpersonar som ikkje lenger kan gje borna sine den mjølkekoppen dei treng, eller eta den bollen med ris dei må ha denne dagen. Kvar og ein som mister arbeidet sitt er ikkje eit tall, men eit menneske med draumar og håp for seg og sine, slik som du og eg.

Strømmestiftelsens overordna målsetjing er heilt i samsvar med FNs bærekraftsmål nummer ein om å utrydda ekstrem fattigdom.

Covid 19 set oss mange år attende, og mest truleg vil det ikkje være mogeleg å nå dette målet innan 2030, slik verdssamfunnet har sett seg føre i bærekraftsmåla.

Ei kvar krise er òg ein moglegheit. For ut av ei krise må det vekse fram noko nytt. I Strømmestiftelsen arbeidar me kvar dag for å hjelpe dei som står midt i denne krisa slik at dei kan hjelpe seg sjølv.

Det er krevjande. Mange har mista arbeid og slit med dagleg brød også i prosjekt og områder der me arbeider. Men me skal gjennom dette, og me skal gå saman med dei som opplever det på kroppen. Behova er store, og vanskelege tider gjer at ein må tenkje nytt. Difor har me til dømes starta pilotprosjektet «grøne jobbar» i Mali. Der skal me med å resirkulera plast skape miljøfokuserte og berekraftige arbeidsplassar for kvinner og ungdom.

No treng me å stå saman. Det er fint at du er med! 

 

 

1egil-mongstad-sign

Egil Mongstad, redaktør