2019-nepal-samvad-nepal-urmila-barneekteskap-(3)
Bryllaupet øydela draumane og framtida mi, seier Urmila Bk, som berre 15 år gamal måtte gifte seg med sitt syskenbarn.

Bryllaupet som øydela alt

Urmila Bk var 15 år gamal då mor tvang henne til å gifta seg med sitt eige syskenbarn. Tre månader seinare gjekk ho frå han.

Det har snart gått tre år sidan dei vanskelege dagane, då ho skilte seg frå mannen ho aldri ville gifte seg med. Minna gjer at ho ikkje vil gifte seg igjen.
– Det som skjedde øydela livet mitt, seier ho og blir stille. I ein kort augneblink er ho attende til dei vonde dagane då mor tvang henne til å gifte seg. Det var ære og draumen om å sjå dotter si gift som gjorde at det blei slik.
– Mor var alvorleg sjuk og hennar største ynskje var å sjå meg gift, seier ho. 

Brente skulebøkene. Urmila hadde gått fem år på skulen. Draumen var å studere og ein dag bli lærar.
– Men mamma hadde ikkje dei same draumane for meg. Ho ville gifte meg bort slik at eg, som ho sa, kunne får eit godt liv. Då ho skjøna at det gjekk mot slutten og at ho snart ville døy, fekk ho hast, og det blei enda viktigare for henne at eg blei gift. Men eg nekta. For henne var skulen eit hinder for å få meg gift. Ein dag brente ho skulebøkene mine for å få meg til å slutte, og det klarte ho, seier Urmila, med sorgtunge auge.

Det er nærast ei ulukke å bli født som jente i dette samfunnet.
Urmila Bk

Sveltestreik. – Far var på arbeid i India då det skjedde. Han var imot ekteskapet. Men han kunne ikkje hindre det, fortel Urmila. Bryllaupet blei ei vond oppleving. I to døgn sveltestreika ho, før mann og svigerforeldre henta henne med makt. Mannen var fem år eldre enn henne.

Rømde. Mor til Urmila fekk 5000 rupi (370 kroner) for henne, pengar ho skulle ha fordi ho hadde oppdratt jenta og lært henne viktige ting ho måtte kunne som gift. I tillegg fekk Urmila litt brudetøy og nokre gryter og kokekar. Det blei nokre vonde veker for 15-åringen. Svigermor og familien hennar var svært dominerande. Dei bestemte alt.
– Mannen min lova at eg kunne fortsetje på skulen, men det fekk eg ikkje. Han bruka vald, slo meg og foreldra hans kravde meir og meir. Dei kjefta, og det var aldri godt nok det eg gjorde. Ein dag rømde eg. Mor var slett ikkje glad for å sjå meg. Ho kjefta, og me krangla mykje. Eg fekk støtte frå bror min, og mamma måtte etter kvart gje seg og vedgå at det måtte bli som det hadde blitt. Etter ei tid kom også svigerfamilien og ville ha meg og pengane tilbake. Men det fekk dei ikkje, fortel Urmila.

Samvad er ein inspirasjon og betyr mykje for den unge jenta og jentene i landsbyen. Urmila på kne i fremste rekke til venstre i bildet.

Samvad
No er 18-åringen elev i ein av Samvad-klassane i landsbyen. Her får ho teke igjen litt av den utdanninga ho aldri fekk då ho var yngre. Saman med 25 andre unge jenter er ho den einaste som er skild, medan fleire av dei andre jentene er barnebruder og framleis gifte.
– Klassen betyr mykje. Det er så mykje erfaring og felles opplevingar her. Det gjer det lett å snakke. Fleire enn ti av oss er gift, og nokre har born, fortel tenåringen.
No bur ho saman med far sin og den nye kona hans. Ho steller og kokar. Ho har mange oppgåver og er sjeldan ute, berre når ho skal i Samvad-klassen, eller finne ved og hente gras til dyra. Ho har sjeldan fri.
– Gutane kan leike og er meir frie, men oss jenter i denne kulturen er bundne til gamle tradisjonar som held oss nede, seier ho. 

Draumen om ei symaskin. – Mor døydde tre månader etter at eg hadde gifta meg. Eg har ein eldre bror som har støtta meg og ville at eg skulle fortsetje på skulen. Men slik blei det ikkje. No skal eg arbeide for at dei yngre søstrene mine skal få utdanning, noko eg aldri fekk. Og dei skal i alle fall ikkje oppleve å bli tvangsgifte, slår ho fast.
– Det er nærast ei ulukke å bli født som jente i dette samfunnet. Eg hadde ein draum om å bli lærar. Bryllaupet øydela alt, og eg kjem aldri til å gifte meg på nytt, seier ho.

No set ho si von til det ho har lært på livsmestringskurset og at fellesskapet og det ho lærer der kan ta henne vidare. Draumen er å lære å sy og å få ei symaskin som kan gje litt inntekt og eit anstendig arbeid.
– Men ei symaskin er dyr og kostar 15 – 16 000 rupi (ca. 1200 kroner) og det er pengar eg ikkje har, seier Urmila.

(PS! Etter samtale med den lokale samarbeidspartnaren SAHAS – ville Strømmestiftelsen i Nepal hjelpe Urmila så ho kunne få den symaskina ho trengde. Planen var at ho skulle få eit sykurs og etter det ei symaskin.

Nokre få veker etter at dette intervjuet blei gjort blei Urmila gift igjen. Om det var friviljug eller med tvang har me ikkje klart å få greie på. Å være ugift kvinne og bu med foreldre og steforeldre kan være vanskeleg.  Og for å unngå skam og nedsetjande snakk gifte ho seg og reiste frå landsbyen og til eit heilt anna distrikt. 

Når me no fortel denne historia er det for å syne kor vanskeleg det kan være for kvinner å vekse opp med gamle tradisjonar og med forventningar som bind, og langt på veg legg føringar for livet. (Red.anm.)


Tekst og foto Egil Mongstad, Rolpa, Nepal