2019-tanzania-project-trip-tangen-high-school
Arbeidsløysa aukar i svært mange av landa me arbeider i og Covid 19 sender millionar ut i ekstrem fattigdom.

Arbeidsløysa stig og fattigdomen aukar

Covid 19 set djupe spor etter seg. Ikkje berre tek det liv, men det sender og millionar ut i fattigdom, og fleire hundre millionar mister arbeidsplassane sine.

Ein rapport frå Verdsbanken ser for seg eit globalt økonomisk tilbakeslag på 5.2 prosent i inneverande år. Det er ein nedgang i verdsøkonomien verda ikkje har sett maken til på svært mange tiår. Mykje har gått bra dei siste ti-åra. Det er færre fattige, fleire har arbeid, fleire born er på skule. Mange piler har peika oppover og fått verdssamfunnet til å setje seg store mål om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030. Og det var mogeleg å få det til. Dei siste 20 – 25 åra er talet på menneske som lever i ekstrem fattigdom blitt redusert kraftig. I 1990 levde 36 prosent av verdas befolkning under fattigdomsgrensa. I 2015 var talet redusert til 10 prosent, og siste prognose frå 2018 synte 8,6 prosent. Men no syner anslag at dei økonomiske følgjene av pandemien kan sende mellom 70 og 100 millionar menneske ut i ekstrem fattigdom.

jordklode_1000x975

1.6 milliarder mennesker i uformell sektor står i fare for å miste inntektene sine. Det er om lag halvparten av heile verdas arbeidsstyrke.

graf-oppover_1000x975

400 til 480 millionar arbeidsplassar blei borte i andre kvartal i år mot mellom 155 og 185 millionar i første kvartal.

Med andre ord så har pila snudd, og mange vil meine at det ikkje lenger er realistisk at me kan nå målet om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030.Når arbeidsplassen blir borte, er ringverknadane så merkbare. Born må slutte på skulen for å arbeide og hjelpe foreldre som er utan inntekt. Når skulane stengjer på grunn av pandemien, vil ikkje born som levde på skulens matvareprogram få det tilbodet lenger. Fleire born må arbeide, og det er særskilt jentene det går utover. Borna sluttar på skulen, og barneekteskap, barnearbeid og trafficking er nokre av dei triste fylgjene for borna når mor og far sin inntekt blir borte.

Borna sluttar på skulen, og barneekteskap, barnearbeid og trafficking er nokre av dei triste fylgjene for borna når mor og far sin inntekt blir borte.

afrika_1000x975

Inntektstapet er venta å bli over 200 milliardar dollar i utviklingslanda, og nær halvparten av alle arbeidsplassar i Afrika kan bli borte.

matmangel_1000x975

Mattryggleiken er truga i fleire låginntektsland. Det kan igjen føre til at prisen på matvarer aukar, og fattige får mindre mat for dei pengane dei har.

Også i våre program merkar me at Covid 19 skaper store utfordringar. Ei undersøking gjort i nokre av våre prosjektområde i Bangladesh viser at fattigdomen har auka med 60 prosent og at like mange ikkje har råd til tre måltid om dagen. I Nepal har 18 prosent av dei spurte mista arbeid, og i Sri Lanka har 88 prosent mista næringsgrunnlaget sitt. Dette er ei stor krise som set djupe spor. Utan ein global innsats kan det som er bygd opp gjennom dei siste ti-åra bryte heilt saman. Difor må me alle no brette opp ermane. Finne måtar å nedkjempe viruset. Og dei fattig landa treng, meir en nokon gong, økonomisk stønad for å hindre at eit økonomisk samanbrot skal skje.

Tekst og Foto Egil Mongstad 

likestilling-1000x975

Covid 19 kan øydelegge mykje av det arbeidet som er gjort for å bygge opp likestilling mellom kjønna i arbeidslivet.

koffert-1000x975

Turisme står for store inntekter i fleire av landa me arbeider i. Som følgje av Covid 19 vil talet på internasjonale turistar minke med frå - 850 millionar til over.