I møte med bistand blir fattigdommen utfordra, og der bistand skjer i klokskap er det fattigdommen som taper. Det finnes det tallause eksempel på.
I Strømmestiftelsen seier me at me skal nedkjempe fattigdom. Det er ei stor oppgåve og eit stort mål. Heldigvis er me ikkje aleine i denne kampen.
Før pandemien kom var verda på god veg mot å nå målet om ei verd utan ekstrem fattigdom innan 2030. Fleire born gjekk på skulen, folk fekk det betre og svært mykje peika i riktig retning. Men krig i Europa, kutt bistandsbudsjett, politisk uro fleire stader, og med fylgjene av pandemi og global oppvarming har mykje endra seg. For fyrste gong på mange ti-år blir det fleire fattige i verda.
I mine meir enn 24 år i Strømmestiftelsen har eg møtt hundrevis av menneske som har klart å kjempe seg ut frå fattigdom.
I mine meir enn 24 år i Strømmestiftelsen har eg møtt hundrevis av menneske som har klart å kjempe seg ut frå fattigdom. Dei sender borna til skulen og kan sjå framover mot ei betre framtid for seg og sine. Kvinner står opp for sine rettar, og kjempar mot urett. Gjennom spare- og lånegrupper har mange fått eit levebrød og ei inntekt som kan trygge familien.
Over heile landet er du ein av tusenvis som spreier lys og gjev av sin skjerv for at andre skal få det betre, og få ein sjanse til å klatre ut frå fattigdom
I Strømmestiftelsen er du med i ein hær av trufaste gjevarar som går med oss i kampen mot fattigdom. Over heile landet er du ein av tusenvis som spreier lys og gjev av sin skjerv for at andre skal få det betre, og få ein sjanse til å klatre ut frå fattigdom. Takk for at du deltek i denne kampen!
Om nokre veker skal me feire han som sa at det ikkje er skilnad på oss, han som sa at alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal du gjere mot dei, han som fortalde oss at alle menneske har like stor verdi.
Det var han som kom med lyset, og ber oss være lys og tenne lys for kvarandre.
Frå Strømmestiftelsen ynskje me dykk alle ei riktig god jul!