På ei skule med omlag 2000 elevar har dei funne plass til meir enn 230 born som treng stor hjelp for å koma seg gjennom skulegangen. I ei så fattig bygd har dei verdiar, pågangsmot og evner til å gjera vel så mykje som me får til i vårt rike velferdssamfunn.
Dei trur rett og slett at det er til det beste for både skulen og ungane som går der, at alle får vera med.
Dette gir noko til dei som ikkje har utfordringar òg.
På skulen i Kuru har desse gode verdiane gjort at ingen kjenner seg utafor. Det var fantastisk å sjå korleis dei andre elevane tok vare på venene sine som ikkje var akkurat som dei.
Den gode rektor Olega har rett og slett kome veldig langt med utruleg avgrensa ressursar i å formidla noko som me òg er opptekne av her heime: at inkludering er eit positivt bidrag i alle miljø.
Rektor Olega bidreg til og med frå si eiga lomma, viss det røyner på.
Arne Hjeltnes
Når ein opplever eit slikt engasjement, er det ikkje vanskeleg å skriva under på at det hjelper å hjelpa. Når slike som rektor Olega er i den andre enden av dei bidraga me kan senda, er det lett å vera med på laget hans.
Framleis er det veldig mange ungar i Uganda, og sikkert mange andre land, som er prega av fattigdom, som ikkje får vera med på skulen saman med venene sine.
Det er ein god grunn for å hjelpa gjennom nettopp slike program som Strømmestiftelsen har i Kuru, nord i Uganda.
Rektor Olega er ein fyr som verkeleg har skjønt det og som til og med tar frå si eiga lomma, viss det røyner litt på.
Han er min heilt. Me treng mange slike rektorar både i Uganda og kanskje her heime òg.
Foto: Karen Kilane