Ungdom med diplom: Paul Adibaku, flyktning fra Sør-Sudan
Ta koronaviruset på alvor. Det er ikkje til å tulle med, seier Paul Adibaku. Her er han saman med bestemor si utanfor hytta i flyktningbusetjinga. Foto: Ababiku Anna, Moyo, Uganda

Karantene hindra spreiing

Covid 19 kjenner ingen grenser. Det råkar over alt. Og sjølv om Afrika er eit kontinent som til no ser ut for å være mindre råka enn andre, vart det alvorleg for 20 år gamle Paul Adibaku.

– Korona-viruset er ikkje å tulle med. Det er verkeleg. Alle må ta det på alvor. Hald avstand, bruk munnbind og vask hendene, er oppmodinga frå 20-åringen. 

Paul var elev i livsmeistringskurset Bonga for gutar i landsbyen Onyire i Moyo nord i Uganda. Han er flyktning frå Sør-Sudan og er busett her saman med bestemor si. På grunn av koronapandemien fekk han ikkje arbeid etter at han hadde tatt kurs som snekkar i Bongaklassen. Han trong pengar og blei med ein onkel og nokre vener til grensebyen Nimule i Sør Sudan for å finne arbeide der.

Smitta og satt i isolasjon
Her blei Paul smitta og svært dårleg. På veg attende til Moyo i Uganda måtte dei få hjelp og fekk tak i ein ambulanse. Det redda guten.  

– Eg blei så lei meg! Så langt eg veit var eg det første tilfellet med korona i Moyo. Eg blei isolert på eit smittesenter og fekk behandling i 18 døger. Dei eg var saman med måtte i karantene på sjukehuset. No er eg frisk og eg skal fortsetje å utdanne meg til snekkar.  Draumen er å starte ein snikkarverkstad. 

Utan Strømmestiftelsen og den lokale organisasjonen CEFORD ville ikkje dette vore mogeleg. Bonga hjelpte meg til å sjå at også eg kan klare meg sjølv og bidra i samfunnet. Takk, seier Paul Adibaku og oppmodar alle om å ta korona-viruset på alvor; det er ikke å tulle med, eg har erfart det, sier han. 


Tekst: Ababiku Anna, Moyo, Uganda