Gå til innhold Gå til navigasjon

Politikarar besøker Strømmestiftelsen

Nyleg hadde Strømmestiftelsen besøk av fire stortingspolitikarar frå Aust- og Vest-Agder som ville vite meir om organisasjonen.

Situasjonen i Vest-Afrika, bilateral og multilateral bistand, samspelet med frivillige organisasjonar og kva dei viktige utfordringane me møter som bistandsorganisasjon er, var noko av det som stod på dagsorden då generalsekretær Øyvind Aadland inviterte stortingspolitikarar frå Agder til eit møte med Strømmestiftelsen.

- Det er viktig at me får sjanse til å møte dykk og at de får ein sjanse til å lytte til våre tankar og utfordringar, sa Aadland.

Han peika tre områder som det er å halde eit spesielt fokus på. Det første er situasjonen i Vest Afrika og utviklinga i Mali, der utfordringane er mange og store. Det andre er at norske styresmakter ser på sivilt samfunn og lokale organisasjonar som ein sentral aktør i å bygge opp Mali igjen. Her har Strømmestiftelsen eit lokalt nettverk og eigne folk i området som kan være med å bidra.

Det tredje fokusområdet er trongen for samspel mellom bilateral og multilateral bistand og det dei frivillige organisasjonane gjer.
- Her der det stor trong for samordning og tid for å lytte til det som me skal arbeide for, sa Aadland. Han sa og at han ønske at bistand skal bli eit viktig tema i den kommande valgkampen.

Fire av dei ti som er vald inn på Stortinget frå Aust og Vest-Agder såg seg tid til å delta på møtet. Peter Gitmark (H), Ingebjørg Godskesen (FrP), Svein Harberg (H) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) fekk ei brei og grundig innføring i kva strømmestiftelsen gjer og korleis me arbeider. På bildet ser me uanlandssjef Titus Tenga (t.h) orientere om arbeidet.
Gitmark var igjen tydeleg på at dersom Høgre skulle komme til makta ved neste val vil det bli endringar i bistanden. Talet på land som får bistand frå Noreg, som no er 110 land, skal kraftig ned og omfanget av kva tiltak bistanden blir brukt til skal spissast. Samstundes er Høgres mål med bistanden at den skal hjelpe folk varig ut frå fattigdom og at den har fokus på menneskerettar og demokrati.