Gå til innhold Gå til navigasjon

Nepal gjenoppbygges

Nepal gjenoppbygges
Ikkje sidan 1934 hadde naturkreftene herja slik med Nepal som dei gjorde 25. april 2015.

Sidan naudhjelpa starta den 29. april har 3200 familiar fått hjelp gjennom Strømmestiftelsen.

Tekst: Egil Mongstad

Den 25. april klokka 11.56 lokal tid blei Nepal råka av eit jordskjelv som la store delar av landet i ruinar. Skjelvet, som hadde ein styrke på 7,8 på Richters skala, kunne merkast heilt til New Delhi i India og til Bangladesh.

Fleire tusen menneske mista livet, mange tusen blei skada, og fleire titals tusen heimar og bygningar er rasa saman. Ikkje sidan 1934 hadde naturkreftene herja slik med Nepal som dei gjorde denne dagen.

– Eg var ute og skulle eta lunsj saman med gode vener og familien då skjelvet kom. Det var heilt uverkeleg. Me såg bygningar rasa saman og bli borte i ei sky av støv framfor augo våre. Eg tenkte at no er det over – at dette er slutten. Dotter mi begynte å gråte, folk gret over alt, det var redsle og folk var rådville. Nepal er eit område med stor risiko for jordskjelv. Me er førebudde på dette. Men dette var annleis og heilt uverkeleg, fortel Strømmestiftelsens landkoordinator for Nepal, Ramesh Shrestha.

Episenteret for skjelvet låg i Gorkha, 8 mil vest for Kathmandu. Dei første vekene etter skjelvet kom det daglege etterskjelv. Det gjorde at folk var redde. Mange sov utandørs på opne stader i fleire veker etter det store skjelvet.

Folk stilte opp
– I Kathmandu var øydeleggingane omfattande og store. Og etter kvart som me fekk kontakt med våre samarbeidspartnarar byrja det å danna seg eit bilete av omfanget av katastrofen utanfor hovudstaden, og kva behova var, fortel Ramesh Shrestha og seier at det var viktig for Strømmestiftelsen å kome raskt i gang med naudhjelp.

– I dei områda som var verst råka, hadde over 90 prosent av hus og heimar rast saman. Trongen for hjelp var svært stor, spesielt med tanke på å få tak over hovudet. Men på alle nivå var det naudsynt med hjelp. I dei første kritiske dagane var det viktig å få ut vatn, medisinar, tepper, presenningar og telt. Me måtte sende folk til India for å få tak i mykje av dette, fordi etterspurnaden her i Nepal var stor og tilgangen var så liten her, seier Shrestha.

Sidan naudhjelpa starta den 29. april har 3200 familiar fått hjelp gjennom Strømmestiftelsen.

– Sidan me hadde arbeid i nokre av dei område som var sterkast råka, kunne me raskt kome ut med hjelp. Folk stilte opp. Våre eigne familiemedlemmer var med og hjelpte, og det var svært oppmuntrande for oss å oppleve kor mange frivillige som deltok. Det vart også satt i gang spontane innsamlingar, fortel landkoordinatoren på telefonen frå Nepal.

Angst for etterskjelv
Framleis er angsten for nye etterskjelv stor. Mange bur ute på opne plassar og er redde for å flytte heim, og dei som ikkje lenger har heimar, må finne andre stader å bu. Ifylgje FN er nærmare 489 000 heimar rast saman og 267 500 bygningar sterkt skada og treng reparasjonar. Nærare seks millionar menneske har på ulikt vis blitt råka av skjelvet. Talet på omkomne er 8 604, og til saman er 16 800 personar skada. (Dette er tall frå midten av mai og kan framleis endra seg – red anm.)

– Nepal vil ha trong for all den hjelp dei kan få i fleire år framover og det vil ta lang tid å byggje opp igjen landet. Også mentalt er dette ei svært stor påkjenning. I fleire veker har folk i Nepal levd med angsten for etterskjelv og med smerte etter tap av kjære. Dei må leve vidare med utfordringar knytt til heimar som har rast saman, øydelagde hus og arbeid som er borte. Det er ei stor psykisk påkjenning, seier regiondirektør for Strømmestiftelsen i Asia, Nimal Martinus. Men han er overtydd om at Nepal vil gå vidare.

– Folk er i gang igjen og vil starte på nytt, med å bygge opp heimar, landsbyar og lokalsamfunn. Og også i denne tida framover er det viktig at vi er der med det vi kan. Det var viktig for oss å komme raskt i gong me hjelpearbeid, vise solidaritet og ta ansvar. Det var og viktig at det blei løyvd pengar til naudhjelp og at det blei sett i gang innsamling til dette arbeidet. Det gjorde at me kunne hjelpe mange i den sårbare første tida etter jordskjelvet. Men Nepal vil ha stort behov for hjelp i lang tid framover. Det arbeidet skal me no være med på, seier Martinus.

Ifylgje FN er det i første omgang behov for 423 millionar dollar for å møte dei enorme behova landet står overfor. Først og fremst handlar det om hjelp til hus og vatn, og deretter å få i gang arbeidsplassar, slik at folk kan få inntekt igjen.

«Cash for work»
No treng Nepal rehabilitering og langsiktig bistand.
– Det betyr i fyrste omgang at folk må få tak over hovudet, og at me kan setje i gang med inntektsgjevande tiltak, seier Martinus. Han veit enno lite om kor mykje av rehabiliteringsarbeidet me skal være med på.

– Det vil være avhengig av kor mykje pengar me får. Aller først skal me setje oss ned og lytte til kva folk i landsbyane seier og finne ut kva behova er. Erfaringar viser at det kan være mykje, alt frå hus og heimar til vegar, skule, byggje opp igjen samvadsentre, og så vidare. Så vil me arbeide med det psyko-sosiale. Mange er utsette for store psykiske påkjenningar og treng hjelp. Når det gjeld etterarbeid og langsiktig bistand har me ganske mykje erfaring. Vi har hatt tsunamien i 2004, vi har vore med på etterarbeid etter store flaumar i Bangladesh, og me har mykje erfaring frå å arbeide med rehabilitering etter naturkatastrofar, seier Martinus.

Han ser for seg at «cash for work» (pengar for arbeid red. anm) er ein metode som vil bli nytta. Det betyr at ein engasjerer folk til å gjere arbeid med opprydding av til dømes eigen heim og andre områder i landsbyen, og til å være med å byggje opp att eigne og andre sine hus, og at det er arbeid me betaler dei for. Det som er klart, er at behovet for å få arbeid og inntekt er stort, og dette vil være eit betydeleg bidrag til det., seier Martinus.


Sikre mat til vinteren
– Den første store utfordringa er monsuntida, seier Ramesh Shrestha. Han  er glad for me kunne komme raskt ut med bistand og at det blei samla inn pengar her heime til naudhjelp og til ,langsiktig bistand.

– Nå er Nepal midt inne i monsunen. Folk treng tak over hovudet, og eg vonar me kan være med å gje dei ei mellombels løysing på det og hjelpe med bølgjeblekk til tak og veggar. Så vil det viktige være at folk her kan komme i gang med å plante og så. At dei har fått frø slik at dei kan så og plante og sikre seg mat til vinteren. Det er heilt avgjerande at folk i landsbyane kjem i gang med dette, seier Shrestha.

Sjølv om dette er ein av dei største naturkatastrofane i Nepal sidan 1934 så er det fleire område i landet som ikkje er omfatta av skjelvet.

Ta lang tid
– I tillegg til Kathmandu er det berre Makawanpur, eitt av dei sju distrikta som me arbeidar, i som er omfatta av skjelvet. Men her er skadeomfanget stort. 9000 heimar er øydelagde, og over 10 000 hus er delvis øydelagde. Her har også ei av jentene som er med i Samvad programmet vårt omkomme. I alt har 328 familiar som er med i våre program mista heimane sine. I dei andre seks distrikta er skadane minimale, og der går arbeidet vårt som normalt. Det vil seie at samvadklassane er i drifta, og kvinnene som er med er med i spare- og lånegruppene har sine møter, fortel Ramesh Shrestha.

Han er sikker på at Nepal vil klare å ta denne utfordringa. Men det vil ta langt tid, krevje mykje pengar og ta fleire år vil gå før ein er tilbake til der ein var, seier Shrestha.
 

To måter å hjelpe på:
1. Send SMS Hjelp til 2377 (200kr) eller
2. Sett inn penger på konto 3000.33.26000