Gå til innhold Gå til navigasjon

Hva mener Sp om bistand?

Vi spør Lars Peder Brekk, bistandspolitisk talsperson i Sp.

1. Hva er målet med norsk bistand – og hva vil være den viktigste målgruppen?

Visjonen til Senterpartiet globalt og nasjonalt er å byggje samfunn nedanfrå. Vi vil ha folkestyre, rettferdig fordeling, sterke menneskerettar og ei ansvarleg forvalting av naturressursane. Det inneber framleis motstand mot reindyrka økonomisk liberalisme og frikopling av marknadskreftene frå politisk styring, og dessutan arbeid for desentralisering av eigedomsrett, makt, busetjing og kapital.

Fordeling av fellesgode, ressursane, kunnskapen og makta i verda er ein føresetnad for å oppnå rettferdig, stabil og berekraftig utvikling. Senterpartiet vil arbeide for å sikre alle land kontroll over eigne ressursar, økonomisk og politisk utvikling.

2. Hvilken plass har utdanning, og hvorfor er det eventuelt viktig å satse på utdanning i bistand?

Senterpartiet vil støtte opp om velferdsutvikling, mellom anna gjennom støtte til skule, helse, infrastruktur og kollektive transportsystem under demokratisk kontroll.

Kompetanse må byggjas opp for at utviklingslanda kan ta grep om eiga framtid, og kunne utvikle ein velferdsstat som er innretta slik de sjølv vil.

3. Handel er et virkemiddel til å øke økonomisk utvikling i et land. Hva vil ditt parti gjøre for å øke handel og næringsutvikling i utviklingsland, og hvilken plass vil mikrofinans ha her?

Handelspolitikken må utformast slik at han kan medverke til politikk for lokal, regional og global omfordeling, frå rike til fattige land og folk. Handelspolitikken må bli mest mogeleg klimanøytral, økologisk berekraftig og solidarisk.

Noreg har eit høgkost-jordbruk og ein eksportretta fiske- og sjømatindustri. Noreg må unngå ei uheldig samanblanding av nærings- og handelsinteresser, og utviklingspolitikk innan energitenester, miljøtenester, teletenester og finansielle tenester og industrivarer.

4. For at utvikling skal skje må det satses multilateralt og bilateralt, men også sivilt samfunn spiller en vesentlig rolle i denne sammenheng. Hvordan vil de frivillige organisasjonene merke at ditt parti er kommet i posisjon – og hva vil være mest viktig for ditt parti å få gjennomført i forhold til de frivillige organisasjonene?

Senterpartiet vil motarbeide korrupsjon, diktatur og vanstyre gjennom målretta, fagleg bistand og styrking av sivilsamfunnet. Senterpartiet har sivil sektor som ein av sine høgste prioriteringar, og har mellom anna arbeidd for å styrke momskompensasjonsordninga. Vårt mål er å utvide ordninga slik at dei frivillige organisasjonane får full momsrefusjon.

Vi ynskjer at organisasjonar som driv verksamhet på vegne av det offentlege, som rusomsorg og rehabilitering, skal få moglegheit til meir langsiktige avtalar. Senterpartiet meiner at frivillig sektor skal ha enkle rutinar for søknadar og rapportering.