Gå til innhold Gå til navigasjon

Mammaskulen i Yunyaccassa

Mammaskulen i Yunyaccassa
I generasjonar har foreldre her oppdratt borna sine med harde ord og streng disiplin. Men no vil det endra seg.

Dei vaks ikkje opp med barnesongar og gode ord disse kvinnene. Men no vil dei gje sine egne born det dei ikkje fekk då dei sjølv var born.

– Me lærer å ta vare på borna våre.

Svaret er ærleg og beint fram, verken meir eller mindre. I generasjonar har foreldre her oppdratt borna sine med harde ord og streng disiplin. Men den sirkelen står no for fall her i den peruanske fjellheimen.

Gjennom organisasjonen Tierra de Ninõs, som Strømmestiftelsen samarbeider med her, får mødrene nye idear og ser at det er mogeleg å oppdra borna sine på ein annan måte enn den oppdragelsen dei sjølv fekk.

– Me vaks opp med kjefting og juling. Me fekk ingen positive tilbakemeldingar på at me var bra, og me hadde det ikkje bra. Hadde ikkje dette prosjektet kome til oss hadde også me halde fram på same vis med våre eigne born. For me viste ikkje betre, seier Rula Mallcco Huamañ. På fanget sit tre år gamle Jazmine, og bak henne lener sju år gamle Melica seg inntil mamma.

– Det er spesielt å sjå korleis dette har endra oss. Borna våre er friskare. God og variert ernæring, grønsaker, ost og egg, er noko av årsakene til det. Borna våre er gladare og tryggare. Me ser at dei leikar saman, og foreldre snakkar godt til borna sine og bryr seg om dei.

– Fleire av oss vaks opp i hus der det ikkje var lys. Berre ei open dør sende lys inn. No veit me kor viktig det er med fleire lyskjelder, og ventilasjon. Fleire vindauge gjer at me får meir lys og borna kan gjere skulearbeid lettare. Sjølvsagt er det framleis mykje me ikkje får til, men me er på rett veg, og det er me glade for. For dette har gjort at alle har fått det  betre, seier Huamañ.

Ho får støtte frå dei to andre mødrene som er her. Til saman er det 11 familiar i gruppa, men dei fleste kunne ikkje kome denne dagen.

På møta som dei har ein gong i veka tek dei opp ulike tema. Stundom kokar dei i lag, lærer å organisere heimen, lærer om helse, hygiene, å ha det reint og ryddig og på dele på oppgåvene i heimen. Også mennene ser at dette er bra.

– I starten var dei ikkje så positive og skjøna ikkje kvifor me skulle bruke tid på dette. Men etter kvart har dei sett korleis dette endrar, og no hender det at også dei er med på møta våre. Og er dei ikkje med spør dei kva me har lært og me snakkar meir saman enn det me gjorde før, fortel Antonia Salazar og gir åtte månader gamle Simion ein god klem før ho legg han til brystet.

I landsbyen blir det lagt merke til kva som skjer i gruppa, og fleire vil lære det me har lært. På åkeren er dei minste borna i telt og blir beskytta mot støv og vær og vind, heime kokar dei vatnet, har meir varierte måltid og er mindre sjuke. Det er meir orden, meir glede og meir gode ord i heimen. Me leikar med borna våre, gjev dei tryggleik og viser at me er glade i dei.

– Me har rett og slett fått det mykje betre, alle saman, seier dei tre mødrene i Yunyaccassa.