Gå til innhold Gå til navigasjon

Fredag i Kouloumbou

Fredag i Kouloumbou
Fatuma er ein god inspirator. Difor har gruppa valt henne til leiar.

Det er fredag i landsbyen Kouloumbou i Niger. Kvinnene er samla til møte i spare- og lånegruppa «Tontoni», som betyr vekst.

Tekst og foto: Egil Mongstad, Niger

Tørken har vore langvarig. Mennene, som har vore til Elfenbenskysten for å arbeida, er i ferd med å komme heim. Snart skal jord vendast, og frø såast i von om at regnet kjem snart, og det kan bli ein betre haust enn året før. Då øydela tørke mykje av avlingane i dette vær-sårbare landet.

– Det kan være ganske værhardt her. Det skal så lite til før alt endrar seg. Litt mykje regn, eller for langvarig tørke, og alt kan være øydelagt, seier Fatuma Garba Seini.

Fatuma er leiar i spare- og lånegruppa og driv ein liten butikk i landsbyen. 
– Ho er dyktig og flink til å organisera. Ho er ein inspirator, og flink å gje råd, difor har me valt henne til leiar, seier kvinnene. (Artikkelen fortsetter under bildet)

Niger spare og lånegruppe
Bildet: Gruppa har møte kvar fredag. Ulike tema blir drøfta, og medlemmene sparer og låner pengar som dei brukar til familie og til å auke inntekt.

Mål og motivasjon
I alt er det 25 medlemmar i gruppa. Dei har spare- og lånemøte ein gong i veka, der ulike tema og utfordringar blir drøfta. Dei har også sett opp mål for kvart medlem, slik at alle har noko å strekke seg mot. Og når dei kjem saman, drøftar dei utfordringar og samtalar om kor langt dei er komne. Dei har òg bestemt at på kvart møte må dei spare minimum 200 CFA (ca. 2,70 kroner). Det er pengar dei låner ut til medlemmane i gruppa. Når låneåret er omme, og alle låna er betalt tilbake, blir pengane ein samla har spart gjennom heile året delt ut til medlemmane, med renter. (Når denne reportasjen blir gjort er det 67 175 CFA (880 kroner) i kassen og 14 uteståande lån på til saman 136 000 CFA (ca. 1800 kroner, Red.anm) 

– Gruppa betyr svært mykje for oss. Dette gjer oss mindre sårbare. Det meste av arbeidet me gjer på åkrane er manuelt, me har ikkje bårehol, og må hente alt vatn frå brunnen. Gruppa gjev oss moglegheit til å spare og låne, og fleire bein å stå på. Ho betrar levekåra våre; ikkje minst er det tilfelle dersom avlingane sviktar, seier Fatuma.

Enda livet
Fatuma er fødd her og har budd i landsbyen heile livet. No er ho 45 år gamal, og ser kva spare- og lånegruppa har tilført lokalsamfunnet. 

– Det har endra livet i landsbyen. Folk har meir pengar. No har me pengar til doktor og medisinar når me treng det, og me kan sende borna på skule. Dessutan har me kvinner fått det betre og litt større fridom til å velje, me har litt å bruke på oss sjølv og kan hjelpe mennene våre, fortel Fatuma.

– Før var det ikkje mange kvinner i landsbyen som kunne dra til marknaden for å handle. No er me der ofte og handlar varer for å selje i landsbyen vår. Og er det bryllaup, eller andre viktige dagar, så har me pengar å kjøpe gåver for, seier kvinnene i gruppa.

Stolt av kona
Sjølv driv Fatuma  butikk og sel sukker, salt, olje, brød, sigarettar og mykje meir. Ho har teke fire lån. Pengane har ho brukt på å handle inn varer til butikken, til å utvide huset og byggje større plass til butikken sin. Mannen Abdou Kimba hjelper til. 

– Gruppa, og tilbodet den gjev for å spare og låne pengar, har endra så mykje for oss, og det me tener på butikken har gjort livet så mykje lettare. Eg er stolt av henne og det ho har fått til. Ho begynte i det små. Så har me kjøpt og selt, og etter kvart har salet auka. No kan ho hjelpe meg med det eg treng til garden vår, seier Kimba og legg til at når det ikkje er vatn, er livet vanskeleg. 

Sjølv har han arbeid tre månader i året: når åkeren skal lagast til og det skal såast, og når hausten og avlingane skal inn. 

– Resten av året er ei utfordring. Difor reiser mange til nabolanda for å arbeide, fortel han. Sjølv reiser han ikkje på grunn av alder, fortel han.

Spare- og lånemøtet er over. Fredagen har framleis mange timar. I butikken sit Fatuma. Ein kunde kjem innom og kjøper eit stykke brød. I gruppa har dei i dag spart pengar og det er lånt pengar. Det er lån som er med å styrke utviklinga i landsbyen, og trygge levekåra i denne sårbare delen av verda. Dette er pengar dei ikkje visste at det var mogeleg å få tilgang til før gruppa blei danna i 2014.

Men no er det blitt verkeleg!

Niger spare og lånegruppe
Bildet: Livet i landsbyen har endra seg etter at me fekk spare- og lånegruppa, seier Fatuma Garba Seini. Her er ho i butikken som har gjeve familien ei kjærkommen inntekt i tillegg til gardsbruket mannen driv.