Gå til innhold Gå til navigasjon

Endelig attende på skulen

Endelig attende på skulen
Familien Hambrom frå Bangladesh er glade for at dottera Hassina (til høgre) har fått ein ny sjanse til å gå på skulen.

Far og mor i familien Hambrom vil så gjerne at døtrene deira skal få gå på skulen. No har dottera Hassina fått ein ny sjanse gjennom Bridge School.

– Me vil at borna våre skal få utdanning. Men me er fattige, og det har vore vanskeleg å gje borna våre skulegang. Det er berre den eldste av døtrene våre som har fullført barneskulen fram til sjette klasse. Men då måtte me seie stopp. Me hadde ikkje råd. Dei to andre har slutta tidlegare, seier Shakil Hambrom.

Han har aldri gått på skule, det har heller ikkje kona hans, eller Hassina, ei av døtrene hans som måtte slutte på skulen på grunn av fattigdom. Men no har ho fått ein ny sjanse.

Hambrom har tre døtrer. Dagarbeidaren og kona, Sonmoni Kisko, forstår kor viktig det er at borna får utdanning.

– Me vil at jentene våre skal veksa opp til å få det betre enn det me fekk, difor vil me at dei skal få utdanning. Men me er landlause og eig ikkje jord me kan dyrke, og som dagarbeidarar har me lite pengar. Sjølv om utdanning er gratis, kostar det likevel når me skal kjøpe uniform, bøker og anna materiell. Difor er eg så glad for dette tilbodet og for at Hassina har fått ein ny sjanse til å lære å lese og skrive, seier trebarnsfaren.

For Hassina og dei 11 andre i klassen er «Bridge school» ein ny sjanse til å få utdanning. Gjennom «Bridge school» får dei ei intensiv utdanning, som etter eitt år skal gjere det mogleg å fortsetje i fjerde eller femte klasse i den offentlege skulen.

Bridge school er ein hurtigskule i Bangladesh for gutar og jenter som har slutta på skulen eller aldri eingong starta der, på grunn av fattigdom. På Bridge school kan dei ta igjen tapt kunnskap og komme attende til skulen etter fullført eksamen.

Skuledagane er frå klokka åtte til eitt, seks dagar i veka. Faga er dei same som i den offentlege skulen. Men utdanninga her er gratis, og det er heller ikkje lov å være valdeleg med elevane, noko som ofte førekjem i den offentlege skulen.

bangladesh_rdrs-bridge-school-(2)

Etter at ho er ferdig med Bridge School får Hassina ein sjanse til å komme attende til den offentlege skulen i fjerde eller femte klasse.

bangladesh_rdrs-bridge-school-(5)

Ho og skulevenninnene jobber hardt saman for å lære å lese og skrive.

Stort behov for Bridge school

– I landsbyen vår bur det 30 familiar. Alle her har born som har slutta på skulen. Difor er dette så viktig, seier Jushpina Kisken. Ho er vald av landsbyen til å være foreldrerepresentant og er leiar av komiteen for Bridge school.

Juspina Kisken er foreldrerepresentant på Speed School.– Me tok kontakt med organisasjonen RDRS (ein av Strømmestiftelsens samarbeidspartnarar her red.anm.) som driv arbeidet, for å høyre om det var noko å gjere for borna våre. I vårt område er svært mange foreldre dagarbeidarar, dei er fattige, mange har aldri sjølv gått på skulen og forstår ikkje kor viktig det er å få utdanning. No har me hatt Bridge school ei tid, og me er svært glade for det, seier Jushpina.

Trygt læringsmiljø 
Bridge school er frå klokka åtte til eitt, seks dagar i veka. Faga er dei same som i den offentlege skulen. Men forskjellen kan være stor. Utdanninga her er gratis, og det er heller ikkje lov å være valdeleg med elevane, noko som ofte førekjem i den offentlege skulen.

Er bra for barna våre
– Utan dette tilbodet ville ikkje borna våre fått utdanning. Bridge School vil endre framtida deira. Dei fleste ville elles hatt eit vanskeleg liv i fattigdom. Mange ville blitt tenarar, andre hushjelper, nokre måtte køyre sykkeldrosje, eller være dagarbeidarar og ta tilfeldige jobbar. Men dei ville vore fattige. Men dette eine året har gjeve dei ein sjanse til å bryte ut av det mønsteret og gå vidare med utdanning. Det gjer meg glad, og takksam for Bridge school, og eg trur eg seier det på vegne av alle oss foreldre. Dette er bra for oss og barna våre, seier Jushpina Kisken. •

  • Folketal: 159 345 000 – verdas åttande mest folkerike land.
  • 24 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa
  • Arbeidsløysa i aldersgruppa 15 – 24 år er 11,4 prosent
  • 72,9 prosent av befolkninga over 15 år kan lese og skrive. 75,7 prosent av dei er menn og 70,1 prosent er kvinner
  • Om lag 93 prosent av ungom og unge vaksne fra 15 – 24 år kan lese og skrive. Av disse er 91,5 prosent gutar, og 94,3 jenter.
  • Bangladesh kliv raskt oppover på utdanningsstigen. Sidan 2010 har talet på lese- og skrivekunnige over 15 år auka med 25 prosent.
  • Sjølv om utdanning er gratis, har foreldra likevel utgifter til å kjøpe uniform, bøker og anna materiell. Dette råkarsærskilt fattige familiar, som ikkje har råd. 

 

Les meir om Bangladesh her

bangladesh-rdrs-bridge-school-(8)

– Me forsøkjer å ha eit godt læringsmiljø, og borna skal være trygge på at dei ikkje blir straffa av læraren, men at dei får oppmuntring og at dei skal trivast på skulen, seier lærar Shomilla Shill.

 

bangladesh_rdrs-bridge-school-(3)

– Eg likar meg godt her, seier ein av elevane. Her får eg ikkje kjeft eller blir slått om eg gjer noko gale, og eg lærer mykje meir her enn kva eg gjorde då eg gjekk på den vanlege skulen, seier eit av borna i klassen.