Gå til innhold Gå til navigasjon

Hjelpa som vart værande

Hjelpa som vart værande
Sujanthana Santharalingham.

Det starta med 150 medlemmar i februar 2006. I dag har «Samanthipo woman’s production and Services co-op Society» 482 medlemmar. Målsettinga er å få med heile landsbyen.

TEMA 10 ÅR ETTER TSUNAMIEN/SRI LANKA

Tekst: Egil Mongstad

Sujanthana Santharalingham er leiar i spare- og lånegruppa i landsbyen Komari på austkysten av Sri Lanka.

Gruppa blei stifta året etter at tsunamien så hardt råka landsbyen.
– Øydeleggingane var store. Bylgja tok med seg hus, husdyr, folk og eigedomar. Det var enormt. På kort tid var alt snudd om. Det var så vondt, fortel Sujanthana.

No er det gått ti år sidan den drepande bylgja. I dag leiar ho kooperativet som har fått ei svært viktig rolle i utviklinga av lokalsamfunnet etter tsunamien.

Det var Strømmestiftelsen sine folk på Sri Lanka som tok initiativet til å starte kooperativet. I alt blei det starta seks slike i dette området der medlemmar kunne spare og låne for å koma i gang att med handel og økonomi etter tsunamien.

– Det var mange organisasjonar som kom for å hjelpe etter tsunamien. Både Strømmestiftelsen og andre kom først med naudhjelp, og det var mykje hjelp å få. Men det gjekk ikkje så lenge før den eine etter den andre også reiste her ifrå. Men det som Strømmestiftelsen kom med er her framleis, sier Sujanthana.

Ho har leia arbeidet i kooperativet sidan starten og har sett kva det betyr for landsbyen.
– Strømmestiftelsen hadde ein langsiktig idé med dette. Det har me sett meir og meir. De kom hit med kunnskap og gav oss kompetansen me trong for å drifte eit kooperativ. No ser me kva dette har betydd for utviklinga av samfunnet vårt, men også kva det betyr for oss kvinner og enkeltfamiliar.

– Arbeidet med Strømmestiftelsen har vore ein stor motivasjon. De gav oss noko å tru på, og viste oss at det er mogeleg å endre vilkåra våre. Medan andre reiste herifrå utan å etterlate seg mykje, fekk me dette. Det er me takksame for, fortel Sujanthana.

I dag står kooperativet heilt på eigne bein. Økonomisk klarer dei seg bra, men det er større etterspurnad etter lån enn kva kooperativet har inne av eigenkapital.

– Det er ei utfordring. Me treng meir pengar for å møte det behovet, fortel ho. Medlemmane består av både muslimar, tamilar og singalesarar.

– Me har respekt for kvarandre, og kvarandre sin religiøse ståstad. Kooperativet spelar ein viktig rolle i å byggje bru og forsoning mellom oss. På møta tek me opp felles utfordringar og saker me er opptekne av. Me snakkar om utdanning, skulegong, overgrep mot barn, barnearbeid, og korleis me kan hindre at born sluttar på skulen. Og så er det eit tema at kooperativet treng eit nytt kontor. Her me er no, er det alt for lite, seier Sujanthana Santharalingham.