Gå til innhold Gå til navigasjon

Førskulelæraren

37 år gamle Sofia Narutaya driv eigen førskule og har det betre enn ho nokon gong har hatt det.

Det er laurdag ettermiddag på «Little Angel infant school». Førskulen ligg på landsbygda ei mil aust for tettstaden Busia, nokre titals mil aust for Kampala i Uganda. Sofia Narutaya og førskulelærar Angela Nandego skal snart sende heim dei siste borna. Til saman har ho dagleg 84 born på førskulen i alderen tre til seks år.

Sofia er enke. Det blei for nokre år sidan. Ho er utdanna førskulelærar og arbeidde som lærar då mannen omkom. Det var ikkje lett å få endane til å møtast. Lærarløna var liten, om lag 100 kroner i månaden, og den kom heller ikkje alltid når den skulle.
- Dei to borna mine mista motivasjonen for å gå på skulen og eg klarte heller ikkje alltid å betale skulepengane. Me hadde litepengar til mat, medisin og klede og eg måtte låne frå familie og vener når det var noko ekstra som stod på. Å være fattig, seier Sofia, er å ikkje ha nok pengar til å møte viktige og heilt nødvendige behov i livet. Og eg var fattig.

Men det reknar ikkje 37 åringen seg for å være no lenger. For to år sidan gjorde ho alvor av draumen sin om å starte ein førskule. Ei spare- og lånegruppe starta opp gjennom organisasjonen SEPSPEL var det som skulle til.
- Etter at eg kom med i gruppa har eg fått fridomen tilbake. Nå kan eg låne frå gruppa når det er noko eg treng, fortel den stolte mora til to born.
Sofia starta å spare i 2009. Dei 30 medlemmane i gruppa «Vaina Orphan og Widow» bestemte seg for at kvar 1000 shilling spart skulle gje avkasting på 1000 shilling. Etter at sparesirkelen hadde gått i 12 månader hadde ho nok til å opne ein førskule. Ho leige rom i ei lokale kyrkja, og for 300 000 shilling (650 kroner), noko av det ho hadde etter det første spareåret, kunne ho kjøpe inn det ho trong for å starte skulen. Ho starta det første året med 60 born. Foreldra betalar 60 kroner i skulepengar i semesteret. For det får borna bøker, dekka kostander til eksamen, eit måltid om dagen og lønn til dei to lærarane.

Sofia og lærar Angela fortel at det er stort behov for førskule i området.
- Det er eit stykke veg å gå for dei som gjekk til skule og langs den sterkt trafikkerte vegen som føre til Kenya og Mombasa skjedde det mange ulukker.
Ulukkestala er faktisk redusert ein del etter at skulen kom, fortel dagleg leiar i SEPSPEL, Joseph Byabazaire. I tillegg er ulukker og seksuelle overgrep i heimen, noko som kunne skje mens foreldra var ute og på arbeid, også sterkt redusert, fortel Sofia.

Spare- og lånegruppa er ein sterk motivasjon for henne. No har ho ein inntekt på nesten 400 kroner i månaden og kan løne sine to lærarar mykje betre enn det ho fekk i løn som offentleg tilsett.
Sofia sparer framleis og no ynskjer ho å kjøpe eit stykke land der ho kan bygge sin eigen førskule.