Gå til innhold Gå til navigasjon

Tok opp kampen mot machokulturen

Tok opp kampen mot machokulturen
Kvinnene i De Santa Isabella de Chumbes har teke opp kampen mot vald mot kvinner og born og endra sitt eige lokalsamfunn. Frå venstre Rufina Peralta, Nancy Ortega Chumbes og Regina Aguirre.

– Eg skjøna ikkje kva dei snakka om då folk begynte å snakke om at me kvinner hadde rettighetar. Det var heilt framand for meg. Det er to år sidan no, fortel Rufina Peralta.
– Eg hadde høyrd ordet, men visste ikkje kva det betydde. Dette var ord som mennene definerte for oss. I ettertid forstår eg at dette òg er ord som hadde innhald og meining me ikkje skulle forstå. I vårt matchosamfunn er me lågast på rangstigen, og språket var med på å halda oss nede, legg Nancy Ortega Chumbes til.

Tekst og bilde: Egil Mongstad, De Santa Isabella de Chumbes, Peru

I landsbyen De Santa Isabella de Chumbes, og i foreininga med same namn, har dei teke opp kampen mot matchosamfunnet og den kjønnsdiskrimineringa mykje av dette samfunnet er bygd opp omkring. I den romslege garasjen sit fire kvinner. I eit hjørne står ei mølle som foreininga har investert i. Denne har dei kjøpt i fellesskap og tener pengar på med å male mais og korn for fjellbøndene. Kvar fredag er dei saman her, i alt 25 kvinner. Her tek dei opp ulike tema og drøftar ulike utfordringar i lokalsamfunnet.

Det heile starta med eit besøk frå organisasjonen Paz y Esperanza i 2014, ein av Strømmestiftelsens samarbeidsorganisasjonar i Peru. På eit allmøte fortalde dei at dei arbeida med å styrke kvinners posisjon i familiar med å motivere til økonomisk aktivitet og ikkje minst til å ta opp kampen mot vald mot kvinner. På det siste møtet kom det 80 kvinner.

— Prosjektet har gjeve oss trua på oss sjølve, at me er noko og at me kan noko. Me tener pengar og kan yta til fellesskapet i familien. Takk, for dette har gjort oss tryggare, og mennene ser at også me kan, seier Rufina Peralta, Nancy Chumbes og Regina Aguirre samstemt.  

Haldne nede i generasjonar
– Før var det slik at mennene våre heldt oss nede og gjorde oss avhengige av dei. Det var dei som skulle meine og snakke. Gutane gjekk på skule, jentene var heime. Mor mi ville ikkje at eg skulle gå på skulen, men ho sendte sønene sine. Men etter at eg hadde født 10 born har eg fullført barneskulen, og no kan eg både lesa og skriva, fortel Rufina Peralta. Ho er ei av over 60 prosent av alle kvinner i Peru som er utsett for fysisk vald.
– Mannen min slo meg systematisk gjennom fleire år. Til sist slutta eg å bry meg om det han sa og det han gjorde. Eg har alltid støtta borna mina, dei var alltid saman med meg. Mannen min brydde seg ikkje, fortel ho.
– Dette har me kvinner levd med i generasjonar. Menn brukar vald. Dei slår, luggar, sparkar og brukar ord som held oss nede. Om ein familie får ei dotter, blir det ikkje reagert, blir det ein gut inviterer faren til stor fest. Det er denne skilnaden og uretten me har teke opp kampen mot, fortel Nancy Ortega.

Kjempar mot valden
– Mange kvinner er redde for å ta opp overgrep og vald. Dei er redde for at mannen skal forlate dei om dei tek opp kampen. Me var ganske sikre på at me hadde mykje å tape på å ta denne kampen. Men med organisasjonen i ryggen viste me at dette var riktig.

Men det har vore ein kamp. Mennene kjem med sterke reaksjonar og angrip både kvinnene og organisasjonen Paz y Esperanza, og seier dei er eit trugsmål mot familien.
– Verst var det då det kom representantar frå lokale styresmakter og sa at om eg ikkje slutta med det eg heldt på med kunne noko alvorleg skje meg. Dei truga også mannen min og spurde om han viste kva eg held på med og at han måtte få meg til å slutte. Likevel har mannen min støtta meg heile tida. Og etter det siste besøket var eg meir sikker enn nokon gong at dette skulle eg aldri slutta med, fortel Nancy Ortega Chumbes.

Mindre vald og overgrep
Ho og dei andre i kvinnegruppa er aktive i lokalsamfunnet, held foredrag, reiser rundt og motiverer kvinner og støttar dei som vil gå til søksmål for vald. Og dei får gode resultat. Valden er redusert, og menn fortel at det dei gjorde var galt, no ser dei borna sine og dei ser verdien av samspelet og respekten for alle i heile familien.

– Prosjektet har satt søkelys på noko viktig, og me ser at det blir betre. Det er fleire søksmål mot vald. Samstundes er det færre tilfelle av vald i heimane. Men diverre er det framleis mykje som står att.

Kathia Alminagorta Rodriguez frå organisasjonen Paz Y Esparanza fortel at målsetjinga var å redusere valden og styrke kvinnene sin stilling i samfunnet. – Det har me klart. Valden og overgrepa er redusert og familiar har fått det tryggare og betre økonomisk, noko som er ein stor del av dette prosjektet.

– Stundom har det vore vanskeleg og eg har eg lurt på kva eg heldt på med. Men me er fleire og me har stått saman om dette, og spør du meg så ville eg ville gjort det same igjen. Dette skal me fortsetje med, ta det me har lært til andre landsbyar og være med å styrkje kvinner og born sin stilling for å styrkje familiane.  Dette har gjeve oss sjølvrespekt og trua på at me er noko i samfunnet, seier Nancy Ortega Chumbes.