Gå til innhold Gå til navigasjon

Ny teknologi i kampen mot fattigdom

Ny teknologi i kampen mot fattigdom
Kva er innovasjon og kva betyr innovasjon for dei fattige?

Før ville dei brukt ein dag eller to på å gå til næraste bank for å ta opp lån eller betale attende. No er både lånet og tilbakebetalinga berre få tastetrykk unna.

I ei stråhytte på landsbygda i Uganda sit nokre kvinner og menn med kvar sin mobiltelefon. Nokre av dei skal overføre pengar til institusjonen dei har lånt pengar frå.

Med få tastetrykk er det gjort. Andre skal låne pengar, og på same vis blir pengar overført frå ein konto til deira eigen konto. Utan mobilen og utan tilgjengeleg teknologi ville ikkje dette vore mogeleg. 

FÆRRE FATTIGE, MEN MEIR EKSTREM FATTIGDOM
Kampen mot fattigdom har ingen gong tidlegare gjeve så gode resultat som no. Det blir færre fattige i verda, og målsetjinga om å utrydde fattigdom innan 2030 er faktisk innan rekkevidde.

I 1990 levde 36 prosent av verdas fattige i ekstrem fattigdom (under ca. 16 kroner dagen). I 2015 var dette talet redusert til 15 prosent. Det går altså i riktig retning. Men 836 millionar av oss lever framleis i ekstrem fattigdom, og store humanitære kriser utgjer eit reelt trugsmål mot å nå målet. 

For å klare å utrydde fattigdom er det fleire faktorar som må på plass.  Sikkerheit og politisk stabilitet. Vilje, økonomi og politisk klokskap. Tilrettelegging og ei inkluderande økonomisk utvikling er også viktig.

For at fattigdom kan utryddast er det ein føresetnad at utvikling og økonomisk vekst må inkludere alle og fordelast likt. Det må utdanning og berekraftige jobbar til, og folk må få håp og tru på at dei kan klare å komme ut frå fattigdom. 

Å oppnå dette kjem ikkje av seg sjølv, men vil krevje både innsats og nye måtar å drive fattigdomsutrydding på.

INNOVASJON OG INFRASTRUKTUR
Eit av dei 17 nye bærekraftsmåla er mål nummer ni – innovasjon og infrastruktur. Fleire stader i verda stoppar utviking opp på grunn av dårleg infrastruktur.

Vegar ber ikkje ein stadig aukande trafikk, og varetransport inn til dei store marknadene stoppar opp. For mange bønder i fleire afrikanske, asiatiske og sør-amerikanske land er dette ei stor utfordring. Det gjer at til dømes ferskvarer som må til marknaden tidleg, kjem fram for seint. Kvaliteten blir forringa og prisen dermed dårlegare.

Vatn og vatningssystem er andre utfordringar, det same er straum. Energi og informasjonsteknologi er blitt heilt avgjerande verktøy for å få til ein lønsam og berekraftig utvikling. 

NYVINNINGAR OG SMÅ FORENKLINGAR
Kva er innovasjon og kva betyr innovasjon for dei fattige? Innovasjon kan tolkast på fleire vis, enkelt kan det seiast at det er å fornye eller å lage noko nytt som skaper verdi for ei verksemd, for eit heilt samfunn eller for folk flest.

Innovasjon treng ikkje være dei store avanserte nyvinningane, det kan òg være små steg som forenklar kvardagen og gjer ting meir lønsamt. 

Det kan handle om korleis ein kan beskytte planeten vår, korleis ein kan førebyggje vald og overgrep og byggje trygge samfunn. Eller det kan handle om korleis ein kan bruke teknologi og ny kunnskap for å møte utfordringar knytt til naturkatastrofar.

I Bangladesh, der trafikken i hovudstaden Dhaka påfører landet eit årleg tap på fleire milliard dollar, har ein utvikla ein applikasjon for mobil som gjer at trafikantar som vil ta buss kan følgje ei bussrute og vite i sann tid kor bussen er. Ut frå det kan folk planlegge reisa si.

Og stadig blir det utvikla nye applikasjonar som kan brukast i ulike samanhengar, som til dømes ein applikasjon som fortel korleis ein trygg fødsel kan gjennomførast.

SMÅ APPLIKASJONER
Frå Vest-Afrika fortel kvinner om korleis mobiltelefonen gjer at dei no kan planlegge innkjøp og sal av varer. Gjennom ein pool får dei meldingar som fortel kva prisen er for ei gitt vare. Dermed kan dei planlegge sal og innkjøp ut frå det.

For Nepal har ei gruppe utvikla ein Facebook-applikasjon med element frå nettspill – små teiknefilmar tek opp kjønnsbasert vald. Fleire tusen unge har sette dette, og i etterkant delteke i debattar på Facebook.

På landsbygda i Myanmar har eit selskap utvikla solide lampar som blir lada med solenergi. Lampane er robuste og toler ein støyt. Dei gjev lys til slitne auge om kvelden og til dømes også straum til å lade mobiltelefonen. 

UTFORDRINGAR
Skal ein møte morgondagen så må ein gjere det med stor merksemd knytt til ansvarleg utvikling og bærekraft. Framleis er det 2,6 milliardar av oss som ikkje har tilgang til stabil straumforsyning, 800 millionar har ikkje tilgang til gode vasskjelder, og nærare 2,5 milliardar har ikkje tilgang til gode sanitære forhold. 

Innovasjon handlar om at ny teknologi, utvikling og modernisering av gamal kunnskap må til for at vi kan møte dei store utfordringane som ligg framføre oss dersom me skal nå bærekraftsmåla innan 2030.