Gå til innhold Gå til navigasjon

Ingen av oss lever for seg sjølv

Ingen av oss lever for seg sjølv

Aukande skilnader – mellom oss som har og dei som ikkje har, er ikkje berre ei utfordring – det er eit etisk og moralsk problem.

Tekst: Egil Mongstad, redaktør Strømmestiftelsen

Når ein prosent av verdas befolkning rår over halvparten av verdas rikdom, er det vel få av oss som kan seie at ressursar og rikdom er likt fordelt. Denne skilnaden slår også imot oss i våre eigne heimlege gater og miljø. Fattigdom er ikkje ukjent her hjå oss heller.

Sjølv om bilete faktisk også er slik at dei aller fleste i verda har fått det betre gjennom dei siste tiåra, har skilnadane blitt større. Vekst og auka produksjon har gjort dei rike enda rikare og dei fattige enda fattigare. Ifylgje ein rapport frå OECD – «In It Together: Why Less Inequality Benefits All», er problemet at denne utviklinga aukar avstaden og ikkje tilfører dei aller fattigaste økonomisk vekst.

Det økonomiske gapet mellom dei 40 prosent fattigaste av verdas befolkning og resten blir større og større. Dette er ei utvikling som ikkje berre bør skape politisk og sosial uro, men hindrar òg global økonomisk framgang og vekst. Difor taper me alle på dette.

Fråvær av utdanning er ei av årsakene til denne skeive utviklinga. Mangel på grunnleggande utdanning til ein framleis for stor del av verdas befolkning, gjer at disse menneska ikkje får ta del i den veksten det faktisk er eit grunnlag for kan skje. Dernest vil mange talent, nye idear og store tankar ikkje få utvikle seg på grunn av mangel på grunnleggande utdanning og kunnskap. Med til dømes aukande miljøtrugsmål, treng verda nye idear og tankar. Og kanskje er det nettopp frå den delen av verda der miljøøydeleggingane er størst, at dei nye tankane skal komma Men då må me være med å legga til rette for at det kan skje.

I Strømmestiftelsen har me utdanning og jobbskaping som to av våre viktigaste innsatsområder. Begge to er viktige for å skape sosial tryggleik, respekt, likskap og økonomisk vekst.

Me har eit moralsk ansvar for å bygge ned skilnader og minske gapet mellom fattig og rik. Som menneske blir vi til i møte med kvarandre – om du er rik eller fattig, om du er innvandrar eller har budd her heile ditt liv, om du er båtflyktning frå Afrika, eller kor du kjem frå. Det er ingen av oss som  lever for seg sjølv. Vi høyrer alle til, er med i en samanheng, i eit fellesskap. Det er ikkje dei fattige og oss – det er oss.

Stor skilnad mellom fattig og rik er ikkje berre øydeleggande. Det bør være moralsk utfordrande for oss alle saman, det oppeheldt sosial skilnad, held folk nede, oppeheldt skilnader mellom kvinner og men og er eit middel for dei rike til å øve politisk press.

Vi kan gjere noko med det, det kan være dyrt å vente.