Gå til innhold Gå til navigasjon

Skapte ein lønsam arbeidsplass

Skapte ein lønsam arbeidsplass
Jayakodi Arachilage Nandani lånte pengar frå kooperativet ho er med i og skapte ein lønsam arbeidsplass og god inntekt for seg sjølv og familien.

Maisåkeren til Jayakodi Arachilage Nandani står gul og sterk og skal snart haustast.

I ei enkel hytte på denne åkeren budde ho i 13 år, saman med mann og tre born. No har dei bygd eige hus og klarar seg godt på inntektene frå jordbruket og det mannen tener som soldat i hæren.

– Me måtte låne pengar for å klare å bygge huset. Tomta fekk me av mor mi. Utan henne hadde det ikkje vore mogeleg å få til, for me var fattige bønder. Mannen min var mykje borte, og som militær i eit land som var i konflikt, var ikkje det så enkelt for oss som var heime. Me hadde lite pengar, og ingen ting å investere i jordbruket vårt, så avlingane var små. No er krigen over, og ting har blitt mykje betre, fortel 42 år gamle Nandani.

For 13 år sidan blei ho med i eit kooperativ, som Strømmestiftelsen var med å setje i gong. Saman med fleire andre kvinner byrja ho å spare pengar. Etter kvart kunne ho óg låne pengar frå kooperativet.
– Det har danna grunnlaget for at me har fått det betre. Utan fellesskapet i foreininga hadde me ikkje klart det slik me gjer i dag. No kan me låne for å investere og slik skape vår eigen, lønsame arbeidsplass som er berekraftig. Og det er blitt fleire lån. Lån til å betre avlingane, lån til betre frø og lån til hus. På dei fire måla familien eig, dyrkar dei mais, bønner, jordnøtter og melon.

Maisavlinga, som snart skal haustast, kan gje ei netto inntekt på omkring 9000 kroner, om ho blir god.
— Før måtte eg leige bort arbeidskrafta mi til andre jordeigarar for at me skulle klare oss. No klarar me oss godt med det me sjølv dyrkar og sel. Det å komme med i eit kooperativ, kunne spare og låne for å sikre arbeidsplassen, vår gjer at me kjenner oss trygge og klarer oss godt. Dette har endra livet vårt totalt, seier Nandani.