Gå til innhold Gå til navigasjon

Landsbyen der hurtigskulen er avgjerande

Landsbyen der hurtigskulen er avgjerande
– Det er så mykje å lære her. Det er mykje betre å vere her enn å vere heime, sier Binta.

I landsbyen til 10 år gamle Binta Hassan har det aldri vore skule. Men no lærer 10-åringen å lesa og skriva, og ho likar det.

Binta har full konsentrasjon ved tavla. Ho skal løyse reknestykket, og ho klarer det med glans. I klassen er det 23 born, alle frå den same landsbyen. For her er det ingen som har gått på skule før. I det tørre landskapet er det over to kilometer til næraste skule. I den kvelande varmen er det for langt å gå for dei minste borna. Difor er dei ikkje på skulen.

– Det er så mykje å lære her. Det er mykje betre å vere her enn å vere heime. Der må eg passe born, vaske og koke. Men her på Speed School kan eg berre lære, få kunnskap. Eg lærer noko nytt kvar dag, seier den unge jenta.

Skule for både store og små 
For fire månader sidan starta Strømmestiftelsen, saman med den lokale samarbeidspartnaren, opp Speed School her, slik at borna her skal få ein sjanse til å ta seg vidare inn i den offentlege skulen. No er det to hurtigskular i landsbyen i Niger, ein for dei minste borna frå åtte til 12 år som varer i ni månader, og ein for dei litt eldre borna mellom 13 og 14 år som varer i 18 månader.

– Kanskje kan eg óg ein dag stå framme ved tavla og undervise. Det hadde eg likt, seier Binta, som drøymer om at ho ein dag kan bli lærar. Sjølv om ho må hjelpe med husarbeid heime, hente ved og alt det mor treng hjelp til mens far er borte, får ho også litt tid til å leike og vere saman med vener.

– Me leikar gøymsel, og så dansar me. Og så syng eg, det er så kjekt å synge, seier ho smilande.

– Eg vil at Binta skal lære å lese og skrive. Eg fekk aldri det, og det plagar meg. Utdanning er så viktig. Har du ikkje gått på skule, så har du ikkje den same sjansen
som dei med utdanning. Her i landsbyen vår er det svært få som kan lese og skrive. Og du kan sjå forskjellen på dei som kan og dei som ikkje kan. Har du lært kunsten, kan du tileigna deg kunnskap, du kan sjå sakene på ein annan måte og gjera vurderingar og refleksjonar ut frå kunnskap, seier Bintas far, Hassan Ide.
(Artikkelen fortsetter under bildet fra klasserommet)



Lever på smertegrensa
Han er nyleg heimkomen frå Ghana, der han har vore og arbeida dei siste seks månadane. Kvart år reiser fleire menn frå landsbyen, minst ein frå kvar familie, til landet ved kysten for å arbeide.
– Det er heilt avgjerande for oss. Livet her er svært utfordrande. Spesielt gjeld det vatn. Det er tørt i store periodar, og livet er svært sårbart for berre små endringar når det gjeld regn. Me lever i grunn på ei smertegrense heile tida. Kjem det store variasjonar i nedbør kan det bety at det kan vere veker på året der det ikkje er mat, eller at tilgang på mat er svært liten. Difor er det heilt nødvendig å reise til Ghana for å arbeide slik at me kan kjøpe det me treng utover det me har av sjølvberging, seier Hassan.

Stiller opp for kvarandre
Han er glad for at når mennene er borte, er det alltid nokon som ser etter resten av familien.
– Her bryr me oss om kvarandre. Dersom nokon av oss har det vanskeleg, så stiller resten av landsbyen opp. Det er det vakre med å leve her. Utanom det er det svært mange utfordringar, og det aller største av dei er mangel på vatn. Det gjer det utfordrande å leve og vekse opp her, seier han.

Hasan er glad hurtigskulen kom til landsbyen. Utan ville ikkje Binta og dei andre jamaldringane fått skulegong.
– Eg er så glad for dette. Det gjev oss eit håp, det gjev oss trua på at me ikkje er aleine, og det gjev oss ei framtid for borna våre. Binta er flink på skulen, og eg er stolt av henne. Og sjølv om ho ein dag kjem til å gifte seg og forlate oss, vil det ho lærer alltid vere med henne, og det vil også me ha glede av. Det er eg stolt over, seier Hassan.