Gå til innhold Gå til navigasjon

Jobbskaparen i Kai

Jobbskaparen i Kai
Safiatou har skapt sin eigen jobb. Kvar dag er ho på marknaden med kaker ho steiker i denne forma. Det gjev kjærkomen inntekt til familiens økonomi.

Ho hadde aldri teke i ein penn før. No kan ho skrive namnet sitt, ho kan lese og talla kan ho legge saman. Safiatou Traore er kvinna som ville lære og som har gjort det.

Kjem ein utanfrå kan det sjå ut som om tida har stått stille her. På den opne gardsplassen står det seks – sju hus i ulik storleik. Nokre er små, andre litt større. På alle bygd av blokker med jord og leire blada med halmstrå. Nokre med fire vegger og bølgjeblekk til tak, andre er runde med stråtak, og nokre hus manglar veggar. 

Men tida har slett ikkje stått stille her, for no kan Safiatou lese og skrive. Det er det ingen andre vaksne i hennar familie som kan. Mens mannen er i bushen for å sanke termittar til hønene styrer Safiatou heime.  

Ho er på skulen tre timar om dagen og kvar morgon. Før ho er på skulen, er ho på marknaden med varene sine. Som for dei aller fleste andre her i Kai, langt sør i Mali, er det jordbruk Safiatou og familien lever av. Dei dyrkar mais, bønner, millet og peanøtter. Alt til eige bruk, bortsett frå peanøttene som dei sel på marknaden. Kvar morgon er ho oppe grytidleg og baker kaker, lager coscous og har med peanøtter som ho sel.

På ein god dag kan ho tene 10 – 15 kroner, eit beløp ho er godt nøgd med.
– Å kunne tene egne pengar gjev ein viss fridom. Å vite at ein har dersom det er noko som kjem på, det er ein god tanke. Det hender me treng medisin og at det kjem eit bryllaup som me skal være med på, eller at borna treng noko. Og så kan eg være med å hjelpe familiens overhovud og leiar (mannen, red.anm) når han treng det, seier ho. Ho er med i ei spare- og lånegruppe og er også med i vaksenopplæringa for kvinner, eit arbeid Strømmestiftelsen driv her gjennom den lokale samarbeidspartnaren Graadecom.

– Eg blei oppmoda til å melde meg inn i ei spare- og lånegruppe. Eg viste lite om kva det var, men livet er blitt mykje betre etter at eg vart med i den gruppa. Treng eg 20 000 CFA (ca. 260 kroner) så veit eg no kor eg kan få tak i det. Den sjansen hadde eg ikkje så enkelt før. No kan me låne av våre eigne sparepengar. Og så er eg blitt med i ei gruppe for vaksenopplæring, og to av borna våre går på Speed School, fortel ho.

Då eg vaks opp ville ikkje far at eg skulle gå på skule. Eg har aldri skjøna kvifor. Fleire av venene mine fekk skulegong, berre ikkje eg. Kanskje trong dei arbeidskrafta mi, men eg har aldri fått vite kvifor, fortel Safiatou Traore, som er den eldste i syskenflokken.

Ein liten gut kryp opp på benken som Safiatou sit på og sovnar. Kring beina våre trippar det høner og kyllingar på leit etter mat. To litt eldre born ryddar litt opp i kjøkkenhytta der eit par trestokkar ligg og ulmar og brenn litt, og for at den verdifulle veden ikkje skal brenne ut sløkkjer dei han med vatn.

– No går eg på skule. Det er litt underleg det heile. Det far min ikkje let meg få lov til, kan eg no gjere, seier Safiatou og smiler breitt.

– Men eg måtte snakke med mannen min først. Kva meinte han? Kunne eg få lov å gjere dette? Han var samd, men det måtte ikkje gå ut over arbeidet og så kunne de ikkje skje i regntida. Då er planting og arbeidet på garden mykje viktigare. Men utover det måtte eg sjølv bestemme kva eg ville, fortel ho. Livet har endra seg etter at Safiatou begynte å tene eigne pengar, starta med sparing og etter at ho begynte å lære å lese og skrive.

I storfamilien er det 16 medlemmer som alle bur saman. 
Vi har for liten plass til alle og manglar bustad, men me har ikkje pengar til å bygge nytt. Mannen min er gamal og han treng hjelp med gardsarbeid. Og han maktar ikkje så mykje lenger. For å spe på med økonomi, lagar han benkar og senger som han sel. Men det er mykje arbeid med det, fortel Safiatou, som no kan hjelpe familien med pengar ho tener på sal av småkaker. For neste morgon, før sola er oppe, er ho i gong med å steike dei over 100 småkakene ho har med på marknaden.

– Kva er glede for deg?
– Det er når eg har eit arbeid og kan tene pengar slik at eg kan støtte mannen min og hjelpe borna våre. Vi har sju born og dei treng også sitt, seier Safiatou.