Gå til innhold Gå til navigasjon

Har hjelpt 23 000 born bort frå gata

Har hjelpt 23 000 born bort frå gata
Alalay har hjelpt 23 000 bort frå gata. No skal førebyggjande arbeid hindra at born kjem på gata.

Sidan 1992 har Strømmestiftelsen arbeida i Bolivia med gateborn og risikoutsatte born gjennom organisasjonen Alalay. På gata opplever borna vald, fattigdom og utnytting og lever med redsel og skuffelse over det å bli forlatne.

Tekst: Jeanett James Villegas

– Born og ungdom har dei same rettane i samfunnet som alle andre. Men i vårt samfunn med mykje fattigdom og vald, er borna svært ofte er taparane. Skal me endra framtida deira er det dei som er endringsagentane. Dei er nøkkelpersonar og skal være med å utvikle morgondagens Bolivia mot eit meir rettferdig og likestilt samfunn, seier Karina Rivera.  

Ho er leiar i organisasjonen Alalay. Organisasjonen blei stifta i 1990. Sidan har dei arbeida med gatebarn i Bolivia.

FØREBYGGJANDE ARBEID
I 2010 var talet på born og unge i Bolivia heile 42,3 prosent, mens dei no utgjer 40 prosent av befolkninga.  
– Skal me endre framtida vår og samfunnet vårt, må me begynne med dei unge. I dag er born utsett for fysisk og psykisk vald, både heime og ute. At det er slik er med å halde tilbake både den sosiale og mentale utviklinga til borna, seier Rivera.

Ho meiner det er heilt naudsynt å ta med vald, alkohol og stoffmisbruk som heilt sentrale faktorar i trusselbildet til born sin oppvekst.
– Dette er delar av ein oppvekst i fattigdom. Å arbeide førebyggjande for at borna skal beskyttast mot dette er heilt naudsynt. Der det er mogeleg må ein gjere det saman med foreldre og føresatte, som har sterk påverknad på korleis born vil utvikle seg. 

Bornas tette band til sine foreldre gjer det mogeleg å studere og identifisera tiltak som kan forhindra at born flyttar på gata, seier Rivera. 

Kjem borna først på gata er det mange odds som er imot dei.
– Dei fell utanfor det sosiale tryggleiksnettverket og får ikkje tilgang til helsetenester, utdanning, bustad og sosiale tenester som samfunnet kan gje.  

Difor er det førebyggjande arbeidet me gjer i Alalay så viktig. Me arbeider for å gjere borna mindre sårbare og for at dei skal få sin rettmessige del av det samfunnet skal gje av utdanning og tryggleik. Samstundes peikar me på kva rettar og plikter alle har, seier Rivera.

MÅLRETTA METODE MOT VALDSSPIRALEN
I ei undersøking frå Bolivia fortel nærare 86 prosent av kvinnene at dei har vore utsett for vald, og 93,6 prosent av alle born seier at dei heime har opplevd fysisk og / eller psykisk vald. Samstundes seier 80 prosent av alle kvinner og 75 prosent av alle menn at dei har brukt fysisk straff mot borna sine.

Det kan handle om å holde i øyra, slå, gje eit klaps, skrike, fornærme og audmykje, ikkje gje borna mat, gje dei hardt arbeid, låse dei ute, helle vatn over dei og mykje meir. – At så mange born opplever dette tyder på at foreldra ikkje skjønar at det å slå eller utøve vald mot borna sine er eit overgrep mot dei, forklarer Karina.

Bolivia har også ein lov som beskyttar born og ungdom mot vald i familien. – Men styresmaktene klare ikkje å følgje opp. Derfor et vald i heimen så utbreidd og får lov til å skje, seier Rivera.

– Her har Alalay er ein viktig stemme for å målbære borns rettar. No arbeidar me saman med styresmaktene for å beskytte sårbare og risikoutsette born mot overgrep frå foreldre, føresette og samfunnet. Til dømes har styresmaktene teke i bruk vår modell og metode å arbeide på, og brukar den i dag i fem offentlege senter for born. Styresmaktene har også sett i gong tiltak som skal forbetra borns helse og redusera barnedød. Samstundes blir det arbeida målretta med å gjere skulegong og utdanning betre slik at færre born sluttar på skulen.  

HÅPET FOR MORGONDAGEN
Sidan Alalay starta har 23 000 born og unge fått hjelp til å komme bort frå gata. Dei er i dag unge vaksne som fekk tryggleik og skulegong hos Alalay. Mange har eigne familiar og lever no trygge liv der borna deira veks opp med skulegong, omsorg og kjærleik, seier Rivera.  

Ho fortel kor fint det er å oppleve at born som har hatt ein oppvekst på gata klarer å ta seg vidare og få ei utdanning, studere og komme seg fram i livet.
— Dei har brote ein vond sirkel og skapt tryggleik for borna sine. Det er det fantastisk å få lov til å være med på. Difor er borna håpet for morgondagen. Det er dei som er dagens endringsagentar, seier Rivera i Alalay.