Gå til innhold Gå til navigasjon

Flyktning på nytt

Flyktning på nytt
For andre gong i livet er Mary flyktning. Dei første leveåra hadde ho i Uganda, og no er ho her igjen. 18 år gamal og mor til to.

For andre gong er Mary Liong (18) flyktning i Uganda. Første gongen var ho ei ganske lita nyfødt jente som vaks opp her, og hadde dei første åtte leveåra sine her i Uganda. I 2008 vendte familien heim til Kajo Keji i Sør-Sudan. Landet hadde blitt sjølvstendig. Det var optimisme og folk trudde på framtida for eit fritt Sør-Sudan.

Men no er ho her att, på flukt på nytt, svikta av leiarane sine og folk som set seg sjølv og sine eigne interesser framfor landet sine.
– Dei kom midt på natta. Eg veit ikkje kven dei var. Me sov. Men dei tok mannen min med seg. Me hadde eit godt liv. Han arbeida i Juba og hadde jobb i ein restaurant. Eg var heime og tok meg av dei to borna våre, fortel Mary Liong. Ho var berre 16 år gamal då det første barnet kom. No er ho 18 år og mor til to.

Flykta gjennom bushen
– Eg veit ikkje kor mannen min er no, fortel ho stille. Blikket er sårt og fjernt. Huset ho har fått i flyktningleiren fekk ho hjelp til å setje opp.
– Eg klarte det ikkje sjølv. Det var for tungt. No er eg spent på kor lenge taket som er av plast vil halde, og snart kjem regntida, seier ho og viser meg kor ho bur. Ei ryddig oppreidd seng og reint på jordgolvet. Under halvtaket utanfor er det ei lita grue der bønnene står og småkokar. Her brur ho saman med dei to borna.

Mary Liong er aleine i leiren. Mannen blei teken natta før dei flykta, og ho veit ikkje om
han lever eller kor han er henne. Her er ho utanfor heimen der ho bur.

– Etter at dei kom den natta har eg verken sett eller høyrd frå han. Dagen etter flykta eg til Uganda med borna, den halvanna år gamal og den yngste eit halvt år. Det var strevsamt. Det tok ei veke . Me gjekk om dagen, og om natta sov me under open himmel. Me gjekk ikkje langsmed vegen, men heldt oss i bushen. Det var tryggast. Det verste var mangel på mat og vatn. Men folk dela. Når me møtte andre, fekk me alltid om dei hadde noko å dele, fortel Mary.

Det er eit år sidan ho gjekk over grensa og til tryggleiken i Palorinja. Leiren vart oppretta i desember for litt over eit år sidan, og ligg vel ein time med bil utanfor byen Moyo, nord i Uganda. Området er delt inn i fire soner. Til saman bur det 184 000 menneske her. Mary er ei av dei.

Bonga endrar livet
Ho er med i ein Bonga-klasse som blir drive av Strømmestiftelsens samarbeidspartnar i leiren, The Diocese of Kajo Keji.
– Då eg høyrde om Bonga, ville eg vere med der. Eg tenkte at det kunne hjelpe oss. Me har lært mykje om ernæring, helse, hygiene. Bonga har endra livet til meg og borna mine, seier ho og nemner at berre det at ho lærte å koke vatn og å halde det reint og rydding rundt hytta, har gjort at ho sjølv  og borna er mindre sjuke.
– Og så lærer eg å sy. Draumen er å få mi eiga symaskin og tene pengar på å sy for andre, seier tenåringsmora.

Redd om natta
I leiren er ho heilt aleine med dei to borna. Stundom er ho redd, spesielt på natta. Ofte hender det at ho vaknar av banking på døra. Ho veit ikkje kven det er. Men ho er redd. Det kjem og folk til hytta. Dei har våpen og spør kvar mannen hennar er. Det kan vere opprørarane frå heimlandet, eller det kan òg vere folk i hæren som har teke mannen hennar. Kanskje har han seinare rømd, og no straffar dei henne for å finne han. Ho veit ikkje. Men ho har meldt frå til den som er leiar i den delen av leiren som ho bur i, og vonar dei og politiet vil ta det på alvor.

Om få timar er det kvelden att. I gryta kokar det bønner, også denne dagen. Og snart er det natt igjen, for den vesle familien i Palorinja.